Vellukka digital eksamen

12. desember mottok UiO sin IT-direktør, Lars Oftedal, eit svært hyggjeleg julebrev frå Ketil Mathiasssen, prosjektleiar for digital eksamen ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS). Brevet vart også sendt til rektor og direktør ved UiO, og var eit takkebrev etter vellukka avvikling av digital eksamen. 
 
Eksamenen var ein distribuert skriftleg digital heimeeksamen for 160 studentar på Praktisk pedagogisk utdanning. Studentane gjennomførde eksamen på eigne maskiner og valde sjølv stad for gjennomføringa. Alle brukte eksamen.uio.no som eksamensportal via Remote desktop. Studentane loggar seg altså på eksamensløysinga med eige UIO-brukarnamn og -passord. Systemet er utvikla ved USIT, som også overvakar gjennomføringa av eksamen.
 
Under gjennomføringa av eksamen skriv studentane i ein mal som er knytt til terminaltenarar på UIO og blir sikkerhetskopiert kvart femte minutt. Studentane kan levere så mange gangar dei vil undervegs med kvittering både på sms og som e-post. Med e-posten> følgjer også eit pdf-dokument av oppgåvesvaret.
 
Mathiassen er altså svært nøgd med vellukka avvikling av eksamen og takkar USIT for både arbeidet med utvikling av ei robust og lettbrukeleg løysing og stønaden under sjølve avviklinga. USIT er også nøgd med at eksamenen blei så vellukka og set pris på den hyggjelege tilbakemeldinga. 
Publisert 15. des. 2014 10:11 - Sist endret 26. jan. 2015 13:31