English version of this page

Spanande apputvikling på USIT

På USIT står det no fire nye appar for døra som vil vere dei første i sitt slag i Norge. Og det er berre byrjinga.

Nye mobilapplikasjonar vert tilgjengelege kvar einaste dag, men appar som kan revolusjonere forsking er ikkje kvardagskost.

– Appar i seg sjølv er ikkje noko nytt, men i forskingssiktemål har ikkje dette blitt gjort før, seier gruppeleiar Dagfinn Bergsager.

Fire nye helseappar

Dei fire nye appane er nesten ferdige og går i pilot seinast i februar. Dei vil vere ein stor ressurs for forskarar ved UiO, ikkje minst for å auke kvaliteten på forskinga.

– Vi ser at det er vanskeleg å få respondentar til å fylle inn skjema, for så å levere det til forskarane. Appane vil gjere dette mykje enklare. Respondentane vil motta ein push-melding (direktemelding på mobilen) når dei skal registrere svar. Det kan for eksempel vere ein push-melding som fortel dei at dei skal utføre ei handling, som å trene eller å ta medisin. Når dei har gjort det dei skal kan dei gå inn i appen og registrere det, framfor å notere tidspunkt på eit skjema. Informasjonen blir så sendt vidare direkte, fortel Bergsager.

All informasjon vert sendt og lagra i TSD (teneste for sensitiv data), noko som gjer at Bergsager kan garantere for tryggleiken.

– TSD leverer ein teneste der brukarane kan samle inn, lagre, dele og gjere berekningar på sensitiv data innanfor eit lukka miljø. Slik vil den sensitive informasjonen sendt frå appane vere lukka for uvedkommande, seier han.

Nyttig for både respondent og forskar

Appane er viktig for både forskar og brukar. Forskarane får kontinuerlege svar medan brukaren får eit nyttig verkemiddel i kvardagen.

– Forskarane kan følgje respondenten mykje meir nøye og få mykje fleire detaljar. Det er òg mykje enklare å bruke for både brukar og respondent. Med appane får forskarane data fortløpande framfor potensielt unøyaktig data lenge etter at den registrerte hendinga har skjedd.

– Berre byrjinga

Desse fire appane er berre byrjinga. Bergsager ser føre seg at det blir laga mange fleire appar i 2016, og ikkje berre dei som er retta mot helserelaterte tema.

–Vi er godt i gang med å lage eit rammeverk som gjer det enklare for både oss og potensielle oppdragsgivarar å lage gode appar, og tek gjerne i mot oppdrag frå heile universitetet, avsluttar Bergsager.

    Publisert 10. feb. 2016 12:15 - Sist endret 4. apr. 2016 13:25