Ny versjon av Programkiosk

Førre veke vart UiO Programkiosk 2.0 lansert. Kiosken inneheld UiO sitt utval av program som ein kan bruke utan å laste dei ned og er no lett tilgjengeleg for fleire brukarar enn nokon gong før.

Enklare tilgang

No kan Windows-, OS X- og Linux-brukarar alle logge inn rett frå framsida for UiO Programkiosk. Du kan også bruke andre nettlesarar enn Internet Explorer, til eksempel Chrome og Firefox. Dersom du skal bruke statistikkprogram eller skal jobbe mykje med copy/paste, må du likevel framleis installere eit program for full tilgang til UiO Programkiosk, men dette er mykje lettare enn Citrix-installeringa ein tidlegare måtte gjennom, og brukaropplevinga er mykje betre.

Gratis for studentar og tilsette

Når du loggar inn på UiO Programkiosk kan du bruke mange populære program utan å installere dei på maskina du sit ved. Du kan bruke UiO Programkiosk heimafrå, på reise eller på jobb, og han er open og gratis for både tilsette og studentar. I tillegg til å gi tilgang til program, får du også tilgang til heimeomsrådet ditt gjennom UiO Programkiosk. UiO Programkiosk er mykje i bruk, og har rundt 800 aktive brukarar i døgnet.

UiO Programkiosk er basert på Remote Desktop-teknologi, men opplevinga som møter brukaren er utvikla ved USIT.

Same tilgang for fleire brukarar

– Programkiosk 2.0 er flytta til ein ny base som gir oss betre yting, betre administrasjon og sentralisering. Vi har også fått ein større portefølje av programvare, fortel Ketil Klepsvik, senioringeniør i gruppe for applikasjonsdrift på UiO. 

No får også OS X-brukarar den same tilgangen til applikasjonar og tenester som Windows-brukarar. 

– Vi har gått frå Citrix til VMWare, noko som er ein mykje betre klient på OS X og Linux. I tillegg gir det oss moglegheita for applikasjonar direkte i nettlesaren, seier Klepsvik.

Meir spissa mot forsking og utdanning

Ein anna skilnad er at primæroppgåva til UiO Programkiosk er meir spissa mot forsking og utdanning, og det er desse spesialapplikasjonane som har prioritet. Gruppe for applikasjonsdrift har utvida samarbeidet med fakulteta, noko som har resultert i eit samarbeid med MatNat om utviklingsserver for studentane.

– Saman med Geofag utforskar vi no moglegheitane for å flytte tunge 3D-applikasjonar til UiO Programkiosk for lokale arbeidsstasjonar. Samtidig jobbar vi med å få på plass SelfService, seier Klepsvik.

Publisert 3. mai 2016 09:53 - Sist endret 11. mai 2016 12:40