Klikk deg til universell utforming

No har Vortex fått ein dedikert knapp til universell utforming, til hjelp for deg som brukar og publisist.

Foto: uu.difi.no

I august vart det lagt til ein ny knapp i Vortex, nemleg «Check accessability»-knappen, som ser slik ut:

Gjer det til ein vane å klikke på denne knappen når du har skrive ein tekst, så vil det bli mykje enklare å rette opp eventuelle feil. Det som skjer når du trykker på knappen er at ein applikasjon går gjennom teksten og gir beskjed om teksten er universelt utforma eller om noko må endrast. Om noko er feil, får du også beskjed om kva du må gjere for å rette opp feilen. Applikasjonen er ikkje feilfri, men om du følgjer dei tre hovudreglane nedanfor, skal det ikkje vere behov for endringar.

Kva er det?

Universell utforming på nett er ein standard som er til for at nettløysingar skal vere like tilgjengeleg for alle – uavhengig av funksjonsevne.

Interaksjonsdesignar på USIT, Rikke Julie Foss-Pedersen, leverte i vår masteroppgåva si om universell utforming, og vil gjerne at folk skal bli meir bevisste på bruken av universell utforming:

– Om vi klarar å bevisstgjere kva kvar enkelt må gjere for at UiO sine nettsider skal vere universelt utforma, så er vi på god veg, fortel ho.

Universell utforming på UiO sine nettsider betyr at artiklane blir meir tilgjengelige for alle.

– Vi må lage det best moglege produktet for sluttbrukarane, og då må vi også ta omsyn til funksjonsevne, seier Foss-Pedersen.

Kva kan eg gjere?

For UiO sin del vert mykje av arbeidet gjort av utviklarar og interaksjonsdesignarar, men det er fortsatt nokre ting vi må passe på når vi publiserer på våre nettsider. Her er dei tre viktigaste:

  1. Overskrifter: Om du vil ha mellomoverskrifter i teksten din, må du nytte dei ulike formateringane. Set markøren i teksten du vil formatere og klikk deg til rett overskrift. Hugs å alltid bruke «overskrift 2» på hovudmellomoverskriftene dine. Det gjer at for eksempel brukarar med synshemmingar kan navigere i dokumentet ved å hoppe frå overskrift til overskrift. Om du vil ha overskrifter mellom mellomoverskriftene, kan du bruke «overskrift 3». Då vil koden vise for eksempel menneske med synshemmingar kor viktig overskrifta er, og kvar den høyrer til.
  2. Alternativ tekst: Alle bilete skal ha alternativ tekst. Ein alternativ tekst viser til kva du ser i biletet, og er ikkje ein vanleg bilettekst. Alternativ tekst viser til nøyaktig kva biletet viser, og gir ingen ekstraopplysningar (som ein bilettekst ofte gjer). Den alternative teksten er også den som blir vist om biletet av ein eller anna grunn ikkje vil visast. Då kan ein lese kva som er på biletet, framfor å sjå det. Når du legg til bilete i Vortex dukkar det opp ein eigen «alternativ tekst»-boks til dette formålet.
  3. Beskrivande lenketekst: Det skal vere lett å forstå kva som er målet til linkane i dokumentet. Då må lenketeksten åleine beskrive tydeleg kva som er linkens mål. Det vil seie at du ikkje skal bruke for eksempel «Les meir her». Du må heller skrive «Les meir om DIFI sine kriterium for universell utforming her».

Les meir om universell utforming og dei ulike krava på uu.difi.no.

Du kan også lese Rikke si masteroppgåve om universell utforming her.

Kjelde: uu.difi.no

Publisert 31. okt. 2016 09:45 - Sist endret 31. okt. 2016 09:52