USIT-tilsett vann masterpris

19. oktober fekk interaksjonsdesignar ved USIT, Martine Birketvedt Eklund, pris for beste masteroppgave innan matematikk og IKT ved UiO.

Lars Holden, administrerande direktør i Norsk Regnesentral (NR) gir diplom og blomar til prisvinnarane Martine Birketvedt Eklund og Seline Tomt. Foto: Adrian Jørgensen

Martine Birketvedt Eklund (midten) og Seline Tomt får blomar og diplomar frå administrerande direktør i NR, Lars Holden. Foto: Adrian Jørgensen

Norsk Regnesentral (NR) sin masterpris blir delt ut årleg til beste masteroppgåve innan matematikk og IKT ved UiO og NTNU. Målet med prisen er å bidra til å styrke rekrutteringa til matematikk- og informatikkstudiane i tillegg til å stimulere dei beste studentane til ekstra arbeidsinnsats.

Årets masterpris på UiO vart gitt til interaksjonsdesignar ved USIT, Martine Birketvedt Eklund, og hennar medforfattar, Seline Tomt. Prisen vart gitt for oppgåva «Hæ? Hvorfor har ingen fortalt meg dette?» – en analyse av IT-løsningene ved UiO i et tjenestedesignperspektiv.

– Eg vart kjempeglad då eg fekk e-post frå rettleiaren min om at ho hadde nominert oss. Eg var veldig glad for nominasjonen, men eg hadde ikkje trudd vi skulle vinne, så eg vart veldig overraska og glad då det faktisk skjedde, seier Eklund.

Ho og makkeren, Seline Tomt,  mottok eit diplom og prispengar på 25 000 kroner den 19. oktober.

Martine Ekland frå USIT med masteroppgava si. Foto: Marit Brennset
Martine Birketvedt Eklund leverte masteroppgåva si våren 2016. No får ho belønning for strevet. Foto: Marit Brennset

Ingen dans på roser

Sommaren 2015 oppdaga Martine og Seline at dei hadde byrja å jobbe med den same masteroppgåva og fann raskt ut at dei hadde same ambisjonsnivå og overlappande idear. Difor slo dei seg saman.

– Eg kan fortsatt hugse dei første møta eg og Seline hadde. Vi satte oss ned for å bli kjent og for å diskutere fag og kor vi ville. Vi var veldig ivrige, og einige om at det ikkje burde vere noko i vegen for å sikte mot ein A. Etter kvart som vi dykka ned i materien merka vi at oppgåva var meir overveldande enn vi først trudde, seier ho.

Det var nemleg ikkje ein dans på roser å arbeide med oppgåva.

– Fagområdet var diffust og litteraturen var sprikande. Vi sat på ein stor datamengde, men sleit med å finne gode strategiar for å analysere og kommunisere funna våre. Det var veldig demotiverande å prøve strategi etter strategi, utan å føle at resultatet blir meiningsfullt, seier ho.

Redde for å stryke

Etter ein knusande tilbakemelding frå ein av dei andre rettleiarane ved IFI, berre månader før masteroppgåva skulle leverast, var makkerane til og med redde for å stryke.

– Vi jobba enormt mykje. Dei siste åtte månadane var vi i gang 10-12 timar om dagen – inkludert helgene. Ei stund etter den tunge tilbakemeldinga løsna det heldigvis for oss. Rettleiaren hadde ærlege og konstruktive tilbakemeldingar som var til god hjelp, men det var ein veldig tung prosess, seier ho.

Det tunge arbeidet løna seg. Resultatet vart så bra som det kunne ha blitt – ein A. Juryen i NR sin masterpris var einige, og gav prisen til den så langt einaste oppgåva frå designgruppa ved UiO som nokon gong har vunne.

– Det var fleire som trudde at oppgåva vår var for lite teknisk og «mjuk» til å vinne ein slik pris. Ofte er det dei som går litt lenger ned i den tekniske materien som har gode sjansar. Difor vart både vi og rettleiaren vår ekstra overraska, seier ho.

Ho poengeterer at det å ha vore to om oppgåva og det å ha hatt nokon å kaste ball med har vore uvurderleg.

– Sjølv om fingrane klør etter å endre ting når eg les oppgåva i dag, er eg veldig stolt over kva vi har fått til, seier ho.

Tenestereise i praksis

Målet deira var å skrive ei oppgåve som kunne bli meir enn ei akademisk øving, og som ein kunne sjå konsekvensane av i kvardagen. Kort tid etter at masteren var levert, byrja Martine som interaksjonsdesignar ved USIT, og fekk dermed moglegheita til å følgje opp nokre av funna i masteren sin.

– Dei studiane som er gjort har blitt gjort innanfor tradisjonelle tenester som helse og turisme. Det er lite nedskrive om korleis tenestedesign passar inn i IT-tenestar, og det var det vi var interesserte i å finne ut, seier ho.

Ved å studere og analysere IT-tenestane til USIT kunne dei to masterstudentane utforske korleis metodane og begrepsapparat frå tenestedesign fungerer når analyseområdet er digitalt.

– Vi ville sjå korleis ein tenestereise fungerer i praksis. Ofte er denne reisa ganske annleis enn det tenesteeigaren trur den er, seier ho.

Viktig for USIT

Gruppeleiar for gruppe for brukaropplevingar, Tomm Eriksen, er einig i at temaet for masteroppgåva er direkte relevant for mange av arbeidsoppgåvene til Martine.

– Seinast i det pågåande prosjektet "Digitalt læringsmiljø", der ein av dei store utfordringane er å lage meir heilheitlege og samanhengande tenestar for UiO sine studentar og tilsette. Der kjem Martine sin kunnskap om tenestedesign til å vere veldig viktig, seier han.

Han tykkjer det er veldig gøy at ho vann NR sin masterpris.

– Det er veldig inspirerande, både for meg og for fagmiljøet vårt innan UX, seier han.

Skryt frå Sintef

Masteroppgåva har også fått skryt frå forskar Ragnhild Halvorsrud ved Sintef. Ho utvikla det grafiske verktøyet Martine og Seline tok utgangspunkt i:

– Eg er imponert over arbeidet dei har gjort. Tenestedesign er eit svært ullent territorium, og dei har klart å behalde eit analytisk perspektiv og skrive klart og reflektert rundt dette temaet. Mange av forskarane innan dette feltet «viklar seg inn i ulla» i staden for å klargjere ting, slik Martine og Seline har gjort, skreiv Halvorsrud til NR-juryen.

Planen er klar

Premiepengane på 25 000 kroner skal Martine og Seline dele likt. Martine har planen klar for kva hennar del av pengepremien skal gå til.

– No blir det badekar!

Juryen si grunngjeving

Her er den fulle grunngjevinga til juryen:

«Martine Birketvedt Eklund og Seline Tomt har sammen skrevet mastergradsoppgaven «Hæ? Hvorfor har ingen fortalt meg dette?» - en analyse av IT-løsningene ved UiO i et tjenestedesignperspektiv. Oppgaven er meget omfattende og velskrevet, og den er en imponerende kombinasjon av konstruktiv granskning og forbedring av teorien og metodene rundt analyse av it-systemer i et tjenesteperspektiv. Samtidig gis de konkrete problemene studentene møter på UiO med dets mange ulike it-systemer en meget god drøfting. Forslag til løsninger fremmes hvor flere allerede er tatt i bruk, og spesielt gis de mange misforståelser og feilbruk fra studentene side en meget god drøfting.

Om selve metoden de jobbet med skriver seniorforsker Ragnhild Halvorsrud ved Sintef som utviklet det grafiske verktøyet de tok utgangspunkt i: «Jeg er imponert over arbeidet de har gjort. Tjenestedesign er et svært ullent territorium, og de har klart å beholde et analytisk perspektiv og skrive klart og reflektert rundt dette temaet. Mange av forskerne innen dette feltet "vikler seg inn i ulla" istedenfor å klargjøre ting, slik de har gjort.»  

Masteroppgaven til Eklund og Tomt ble også vurdert som uvanlig god av intern og ekstern sensor. Vi finner at denne imponerende kombinasjonen av metodeutvikling og løsninger på konkrete problemer er så god at den utpeker seg som mottaker av NR-prisen for den beste masteroppgaven i IT/matematikk ved UiO 2016/17.»

Heile masteroppgåva kan du lese her (DUO).

Du kan lese meir om prisen på Norsk Regnesentral sine nettsider.

Publisert 27. okt. 2017 08:26 - Sist endret 27. okt. 2017 09:20