Publisert i internasjonal tidsskrift

Rett over nyttår vart Rikke Julie Foss-Pedersen, interaksjonsdesignar ved USIT, publisert i det internasjonale tidsskriftet "Universal Access in the Information Society".  

Etter å ha fullført mastergraden sin våren 2016, skulle ein tru at dei fleste ville vere klar for litt meir praktiske oppgåver. For Rikke Julie Foss-Pedersen vart det endå eit djupdykk i bøkene då ho, saman med Miriam Eileen Nes Begnum frå NTNU, som var rettleiaren hennar på masteroppgåva, brukte siste halvåret av 2016 med å jobbe med ein vitskapeleg artikkel i forbindelse med masteroppgåva.

Nokre dagar etter at kalenderen hadde bikka over til 2017 vart artikkelen publisert i det internasjonale tidsskriftet «Universal Access in the Information Society».  

Lang prosess 

– Det vart ganske hektisk. Fristen kom litt brått på oss. Då heiv vi oss rundt og jobba intenst ein periode, fortel Foss-Pedersen. 

Det er nemleg ikkje ein verken kort eller enkel prosess å få artiklar antatt i dette tidsskriftet. 

– Det tok om lag to månader frå vi sendte den inn til vi visste om vi kom til å bli publiserte. Etter det gjekk det slag i slag med tilbakemeldingar, redigering og endringar før den var publisert online 5. januar, seier ho. 

Stort forbetringspotensiale for universell utforming 

Målet med artikkelen er å setje lys på det forbetringspotensialet som finst i forbindelse med dei noverande praksisane innan universell utforming, både for tilbydarar av digitale evalueringsløysingar og for institusjonar innan høgare utdanning. 

Statistikk viser at det er eit klart forhold mellom høgare utdanning og arbeid i Norge, spesielt for menneske med nedsett funksjonsevne. Dei har 4,5 gonger større sjans for å få seg jobb om dei har høgare utdanning. 

– Formålet med universell utforming er å skape eit inkluderande samfunn. Det er noko som både tilbydarane og institusjonane må bidra til for at det skal vere oppnåeleg, seier Foss-Pedersen. 

Artikkelen viser til to bidrag for at formålet skal bli oppfylt:  

  • eit forbetra sett med krav for universell utforming for anskaffelsar av digitale løysingar 

og 

  • ein trinnvis analysebasert ekspertinspeksjonsmetode for å evaluere kvaliteten på den universelle utforminga. 

Ynskjer meir universell utforming 

For Foss-Pedersen er det viktig å påpeike at den metoden dei har brukt for å analysere evalueringsløysingar også kan brukast til andre løysingar. 

– Alle har godt av å bli meir bevisste på å gjere både informasjon og tenester tilgjengelege for alle. Det håpar eg fleire tek til etterretning, seier ho. 

Det neste steget for Foss-Pedersen og Begnum er å prøve å få ein tilsvarande artikkel publisert i ei norsk tidsskrift. 

– Vi jobbar med saken, seier Foss-Pedersen og smiler. 

Artikkelen er tilgjengeleg online på forlaget Springer sine heimesider og vil også vere mogleg å få som papirutgåve i mars, 2017. For å laste ned online-versjonen av artikkelen må du vere tilkopla eit UiO-nettverk, anten Eduroam eller fastnettet.

Publisert 26. jan. 2017 13:22 - Sist endret 26. jan. 2017 13:22