Nettskjema i finalen

5. mars vart pris for beste innebygde personvern delt ut av Datatilsynet. Blant dei tre finalistane var Nettskjema.

Foto. Finalistane til Datatilsynet sin konkurranse om innebygd personvern på rekke. Foto: Datatilsynet

Finalistane på rekke og rad. Nummer to frå venstre er USIT sin Dagfinn Bergsager. Foto: Veronica Jarnskjold Buer/Datatilsynet

Dagfinn Bergsager, gruppeleiar for gruppe for utvikling og forvaltning av webapplikasjonar, stod i dag på scena i Nasjonalbiblioteket for å presentere UiO sitt Nettskjema, som finalist i Datatilsynet sin konkurranse om innebygd personvern. 

Som ein av 19 innsendte bidrag vart Nettskjema utpeikt som finalist, saman med Direktoratet for e-helse sin Kjernejournal og Sesam GDPR Plattform. 

Enklare å etterleve personvern

Juryen kunne fortelje at ein av grunnane til at Nettskjema kom til finalen er det bidraget Nettskjema har gjort for å gjere det enklare for behandlingsansvarlege å etterleve personvernregelverket og styrke tryggleiken rundt personopplysningar. 

Nettskjema vart trukke fram som ei løysing som legg til rette for at dei som brukar den kan samle inn og behandle data og bevare personvernet til den som leverer data.

– MEN, vi kan alle bli betre, sa Datatilsynet sin jury til dei tre finalistane. 

Nesten til topps

Etter at alle finalistane hadde fått presentere sine tenester var det statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet,  Paul Chaffey, som annonserte vinnaren, som til slutt vart Kjernejournal, ein teneste frå direktoratet for e-helse, med Nettskjema på ein god andreplass.

– Vi er veldig nøgde med at vårt fokus på personvern har fått så stor nasjonal merksemd. I dag utlyste Datatilsynet ny konkurranse for 2018. Denne kjem vi til å melde oss på, og denne gangen skal vi vinne! seier Bergsager.

Publisert 5. mars 2018 11:21 - Sist endret 13. mars 2018 12:41