Forsiden UiO Universitetets senter for informasjonsteknologi
print logo

Organisasjonen USIT

USIT har om lag 220 tilsette fordelt på 7 seksjonar med ei varierande mengd grupper. Driftsoppgåvene blir løyste i denne linjeorganisasjonen, men i tillegg er USIT ein matriseorganisasjon med prosjekt- og tenestegrupper som utfører utviklingsoppgåver på tvers av linjeorganisasjonen.  

USIT er ein del av sentraladministrasjonen ved Universitetet i Oslo og er delt inn i sju seksjonar etter fagfelt, der fem av seksjonane har fleire grupper. Dersom du ønskjer ei komplett oversikt over organisasjonen til USIT, kan du sjå på organisasjonskartet til USIT.

I tillegg til linjeorganisasjonenen som er skildra over, har USIT til eikvar tid fleire aktive prosjekt med deltakarar frå forskjellige grupper og seksjonar, samt ei rekkje tenestegrupper som organiserer tenester, tenesteområde og system på tvers av gruppene og seksjonane.


IT-direktør Lars Oftedal, assisterande direktør Bjørn Ness og administrasjonssjef Liv-Marit Davidsen utgjer leiinga ved USIT (last ned pressebilder).

USIT er den sentrale IT-avdelinga ved UiO, og har ansvar for utvikling og drift av dei sentrale IT-tenestene. USIT har dessutan fagleg ansvar for IT-drifta ved fakulteta. Drifta ved dei einskilde fakulteta blir forvalta av lokale IT-ansvarlege.


I tillegg til å vere leverandør av tenester til UiO, leverer USIT tenester til andre delar av UH-sektoren, samt til nokre eksterne aktørar. Desse aktivitetane representerer ca. 40 prosent av finansieringsgrunnlaget for verksemda til USIT.
 

Publisert 6. des. 2011 17:35 - Sist endret 2. feb. 2012 14:24