USIT leverer nasjonale IT-tenester

USIT drifter store administrative system for heile sektoren for forsking og utdanning i Noreg. Oppdraga omfattar system som støttar arbeidet med å ta opp studentar til universitet og høgskular, det studieadministrative systemet FS og det nasjonale forskingsdokumentasjonssystemet Cristin. USIT har i tillegg utviklingsoppdrag for universitetsmuséa.


 

Felles samlingsdatabaser for universitetsmuséa

USIT har eit omfattande utviklingsoppdrag for Universitetsmuseenes IT-organisasjon (MUSIT). USIT har ansvar for sekretariatet deira og driftar, utviklar og tilgjengeleggjer dei felles samlingsdatabasane. Arbeidet skjer i Gruppe for digital samlingsforvaltning. MUSIT er ei permanent verksemd med eit nasjonalt ansvar. Du kan sjå universitetsmuséa sine samlingar på nett på portalen www.unimus.no.