– Innmari sært!

USIT-arar i USA kom tilbake med lærdom om kvantecomputing, nye algoritmar og maskinlæring i sekken.

I november reiste fem USIT-arar til Dallas, Texas for å finne ut av kva nye teknologiar som rører på seg ute i den store, vide verda.

USIT-ar Ole Saastad, saman med datamaskina Cray I på konferanse i USA.
Her er Ole Saastad saman med Cray I. – Det var ei ære berre å ta på ei slik maskin, seier Saastad.

For ein av deltakarane frå USIT, Ole Saastad, var det kvantecomputing som var konferansen sitt høgdepunkt.

– Kvantecomputing er eit glimt inn i framtida. Med dei rette algoritmane kan ein knekke krypteringar på kvadratrota av same tid som ein gjer i dag. Enkelt sagt kan ein seie at dersom ein no brukar eit år på å knekke ein kryptering, vil ein med kvantecomputing kunne gjere det same arbeidet på halvanna time, seier Saastad.

Saastad presiserer at krypteringsknekking berre er eitt av fleire felt og at det skjer særs mykje med nye algoritmar.

Spanande og skummelt

For IT-sikkerheitssjef ved UiO, Espen Grøndahl, er kvantecomputing både spanande og skummelt.

– Dei krypteringane som kan knekkast av kvantecomputing er basert på nokre sett med matematiske problem som er vanskelege å løyse på dagens maskiner, men som kvantemaskiner vil løyse veldig fort, seier Grøndahl.

Han er ikkje redd for at kvantecomputing blir utvikla i ein så stor fart at det vil vere farleg for IT-tryggleiken med det første.

– Eg trur vi vil få tid til å tilpasse oss. Eit problem som potensielt kan oppstå er dersom nokon plutseleg skal ha ei tilgjengeleg og brukbar kvantemaskin innan kort tid. Eg seier «plutseleg», fordi det då vil vere snakk om organisasjonar eller nasjonar som gjer det bak lukka dører, og det trur eg er vanskeleg å lykkast med, seier han.

 Det er ikkje berre datamaskiner og e-postar som vil måtte gå gjennom endringar dersom dagens algoritmar blir lettare å knekke. Både mikrobølgjeomnar, klokker og mange andre daglegdagse apparat vil måtte gjennomgå endringar.

– Eg trur vi har god tid til dette skiftet, seier Grøndahl.

– Innmari sært!

Tykkjer du kvantecomputing er vanskeleg? Ingen fare. Sjølv Ole Saastad, ein mann med doktorgrad i fysikalsk kjemi, syns det kan vere vanskeleg.

– Det er ingen som skjønar kvantemekanikk, men det blir familiært etter kvart. Innmari sært er det, i alle fall!

Maskinlæring og gaming-kort

Konferansen fokuserte også på maskinlæring. Maskinlæring har som mål å lære frå data slik at ein kan forutsjå utfall og hendingar.

Dei aller fleste som arbeider innan maskinlæring brukar grafikkort frå NVIDIA for å akselerere maskinlæringa. Saastad meiner at desse korta er altfor dyre, og har funne løysinga: grafikkort spesielt laga for dataspeling, gaming-kort.

– Vi kjøper inn gaming-kort, som er ein tidel av prisen på NVIDIA-korta. Dei er ikkje like kraftige, men ved å kjøpe inn fleire vil vi få same effekten for ein mykje billigare penge, seier han.

Ser fram til 2019

Ved UiO har vi nyleg satt tre maskiner i produksjon. Saastad trur at marknaden snart vil bli betre for forskarar som vil nytte seg av maskinlæring.

– NVIDIA har så å seie monopol på maskinlæring, men i framtida kjem vi til å sjå skreddarsydde brikkar for maskinlæring. Det finst allereie på teiknebrettet og under utvikling, blant anna frå Intel og Huawei. Det ser vi fram til i 2019, seier han.

Publisert 12. des. 2018 13:49 - Sist endret 13. des. 2018 10:08