English version of this page

Kva er TSD? Sjå det forklart i den nye animasjonsfilmen

Har du lurt på kva TSD – Tenester for Sensitive Data – er? No treng du berre bruke to minuttar for å forstå deg på ein av USIT sine store forskningstenestar.

I vår starta USIT eit prosjekt for å lage ein film som kan vise fram ein av USIT sine mest kjende forskingstenestar – Tjenester for Sensitive Data (TSD). Underdirektør for IT i forskning, Gard Thomassen, stod i spissen for prosjektet. Etter assistanse frå videoprodusentar frå LINK (Senter for læring og utdanning) vart det raskt einigheit om å lage ein animasjonsfilm til bruk i formidling av TSD.

– Målet vårt var å vise fram kva TSD kan gjere, både for politikarar, beslutningstakarar, forskarane våre her og forskarar ved andre offentlege forskingsinstitusjonar, seier Thomassen.

Valte animasjonsfilm

– Vi vil vise kva TSD er på ein enkel måte, utan å forvirre brukarane våre med altfor mykje teknisk prat. Det følte vi var enklast om vi forenkla uttrykket, noko vi tykkjer animasjonen er med på å oppnå, seier Thomassen.

Ved hjelp av ein animatør frå Visual Labs vart det raskt avklart både formål og tone på filmen. Resultatet vart ein moderne animasjonsfilm med nyttig informasjon om TSD, samt litt humor på toppen.

Kort tid – godt resultat

Manus vart skrive på kort tid og filmen vart ferdig og klar til visning allereie 20. august.

– Dette er ein film vi vil bruke mykje, både i situasjonar der eg er ute og snakkar om TSD og dei andre forskingstenestane våre, men også som ein kjapp og enkel tominutters måte å forklare tenesta på, seier han.

Dersom du er nysgjerrig på TSD, kan du lese meir om tenesta her.

Publisert 24. aug. 2018 13:41 - Sist endret 29. aug. 2018 12:21