USIT bidragsytar på global nettstad

I byrjinga av mars vart nettstaden globus.uio.no/edu lansert – ein utdanningsnettstad under forskingsprosjektet GLOBUS.

Nettstaden er laga for å gi ei innføring i ulike måtar å tenkje rundt global rettferd på. Brukarane kan lese ulike historier frå verda der spørsmål om global rettferd kjem opp, i tillegg til å ta testar, quiz og undersøke globale dilemma.

Foto av Trym Nohr Fjørtoft
Trym Nohr Fjørtoft, stipendiat ved ARENA. Foto: UiO

Trym Nohr Fjørtoft, stipendiat ved ARENA Senter for europaforskning ved UiO, har fungert som bindeledd og koordinator i arbeidet mellom UiO, USIT og partnarane i tyske Tübingen.

– Då vi søkte prosjektet var tanken at partnarane våre i Tübingen skulle utvikle nettstaden på eiga hand, men sidan vi har så god «in-house» kompetanse på USIT vart vi einige om at det tekniske arbeidet burde bli gjort her, seier Fjørtoft.

Ein av desse ressursane var Marte Hesvik Frøyen, interaksjonsdesignar ved USIT.

– Dette er eit nytt og spanande konsept som er annleis enn sidene vi elles lagar. Det som også er kjekt er at det skal brukast globalt, seier Frøyen.

Internasjonal kompetanse

Utviklinga av nettstaden starta for fullt opp våren 2017, med ein workshop i Oslo. På denne workshoppen deltok to tyske representantar, representantar frå ARENA, samt Astrid Elisabeth Jenssen (prosjektleiar), Lise Hamre (utviklar), Martine Birketvedt Eklund (interaksjonsdesignar) og Marte Hesvik Frøyen (interaksjonsdesignar) frå USIT.

– Teamet i Tübingen har hatt hovudansvar for utviklinga av innhaldet, med bidrag frå forskarar frå mange av partneruniversiteta våre, mens vi i Noreg har hatt ansvaret for dei konseptuelle og tekniske aspekta, seier Nohr Fjørtoft.

Han legg ikkje skjul på at prosessen har vore lang.

– Alle involverte har vore med på utviklinga ved sidan av ei andre rekkje oppgåver, så det har vore krevjande. Då er det desto betre at resultatet har blitt så bra, seier han.

Global målgruppe

Målgruppa for nettstaden er elevar på sisteåret på vidaregåande skule og førsteårsstudentar i samfunnsvitskaplege fag på universitet i heile verda.

– Dei viktigaste landa i tillegg til Noreg er der vi har partnarar i GLOBUS-prosjektet; Italia, Tyskland, Irland, Sør-Afrika, Brasil, Kina og India, seier Fjørtoft.

Han, og resten av prosjektgruppa, håpar at nettstaden kan bli brukt som eit reiskap i undervisning i samfunnsfag og liknande læringssituasjonar. Elevar og studentar får moglegheita til å lære meir om konkrete tilfelle av global urettferd og å lære om ulike måtar å tenkje rundt desse spørsmåla på.

– Det som er viktig for forskingsprosjektet GLOBUS er å vise at det ikkje berre finst éin måte å forstå rettferd på. Ulike måtar å tenkjer rundt rettferd har ulike svar på kva som er problema og korleis dei bør løysast, seier han.

Publisert 12. mars 2019 13:01 - Sist endret 12. mars 2019 13:01