Retrospect 2015

Retrospective for UAIT sine sprintar i 2015. Her ser teamet tilbake på året, korleis det gjekk, kva vi har fått gjort, og kva vi ser for oss å gjere i 2016. Har vi forbedra oss? Kva bør vi fokusere på å forbedre?

Retrospectiven vart litt amputert då ein feil gjorde at Exchange-integrasjonen til UiA var nede og måtte fiksast. I tillegg var halvparten på juleferie. Det vart difor berre ein kort prat om året som har gått, og kort om kva vi ønsker å sjå på til neste år, utan å gå i detalj. Kort og hyggelig!

Vi noterte ned kva vi ønsker å fortsette med og kva vi ønsker å prioritere til neste år.

Kva som kom opp, i prioritert rekkefølge:

  1. Å lage KPI for oss sjølve - vite objektivt om vi forbedrer oss (5)
  2. Meir tid til å fikse mindre saker med ein gang, og ikkje måtte vente fire sprinter fram i tid for småsaker. Raskare leveranser = fornøyde kunder (4)
  3. Optimalisere testmiljøer! Ikke 5 timer på å sette opp Brukerinfo. Lokale testmiljø (3)

Anna som vart nemnd:

  • Tettare dialog med bestiller under planlegging og utvikling. "Kvifor lager vi eigentleg dette?" ville kunne påvirka korleis og kva vi konkret utvikler.
  • Teste koden!
  • Optimalisere utrullinger. Raskere i prod, mindre størrelse på features.
  • Legge til konkrete autotestar per story på planleggingsmøtet, for å tvinge igang autotestinga og sette fokus på det.
  • Forberede meir teknisk før sprint
Publisert 12. des. 2015 10:45 - Sist endret 13. jan. 2023 12:32