Andre forsøk, august 2015

Andre terapisamtalen mellom ScrumMasters på USIT.

Tilstades

  • Kaj Hejer
  • Gyrd Thane Lange
  • Jo Sama
  • Robert Hamar
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)

Sak 1: Impediments

Runde rundt bordet for å høyre kor skoen trykker hos kvar SM.

Folk lufta det dei hadde av impediments.

Eksterne

Ein gjenganger hos alle er eksterne avhengigheter som hindrer oss. Ofte rundt driftsmessige endringar. Kan ta lang tid å vente og korrigere og koordinere, fram og tilbake.

Nettskjema har eit mantra: Prod og staging skal vere så identiske som mulig, og utvikling så likt som mulig som dei igjen. Utvikling er dessverre litt for ulik i dag - utvikling skjer på RHEL6 (virtuell), mens prod er på RHEL5 (fysisk). Nettskjema løyser ekstern-avhengighet-problemet ved å ha regelmessige møter med www-drift for å bli enige, og bedre samarbeidet.

Umodne stories

For Vortex kjem det litt for ofte inn underspesifiserte og umodne stories, så bruker opp tid i sprinten til å få avklart kva dei burde inneholdt. Burde oftare kaste stories tilbake til bestiller når dei ikkje er gode nok. Pre-planning har hjulpe på dette, også hos Nettskjema, der ein går gjennom storyen og finn ut om noko mangler.

Nettskjema har starta med gruppearbeid i første halvdel av sprint planning, for å bryte opp stories. Siste halvdel av møtet går deretter ut på å gå gjennom stories i plenum og bli enige om estimat og plan. Nettskjema gjer også estimeringa litt annleis, ved at dei først deler opp i tasks, estimerer desse og bruker dette som grunnlag for estimatet av ein story.

Jira og backlog

Snakka om bruk av Jira for backlog. Både Nettskjema og Vortex bruker Jira for backlog. Vortex måtte bruke Epic for å få enklare oversikt over alle stories, men Nettskjema syns det ikkje funka optimalt med korleis Jira bruker Epics, så dei ser på korleis organisere stories.

Sak 2: Eventuelt

Anna folk ønsker å ta opp?

Ikkje tid.

Sak 3: Format på SM-møta

Korleis vil vi ha desse møta? Som ein standup for SMs? Med Lean Coffee?

Foretrekker terapimøte på formatet vi har no. Ønsker å fortsette som idag, men kan hende vi ønsker å endre formatet seinare.

Å gjere det som ein standup føles kunstig, ser lite poeng med det.

Inkluderer Rikke som optional til neste gang, sidan ho tek over når Kaj er vekke.

Passeleg å ha dette regelmessig, litt sjeldnare enn ein månad.

Publisert 18. aug. 2015 14:49 - Sist endret 20. aug. 2015 09:53