Meta-terapi

Vi diskuterer kva vi gjer med dette foraet.

Tilstades

  • Gyrd
  • Kaj
  • Julian
  • Robert
  • Joakim (ref)
  • Jo
  • Rikke

Sak 1: Hensikt med dette forumet

Meta: Kva ønsker vi å få ut av desse møta? Er det hensiktsmessig, og korleis gjer vi det?

Diskuterte litt laust og fast:

  • Vurdere å dra inn FSAT, for å lære av dei også? Lett å gløyme dei, sjølv om dei er ganske like oss. Uformell prat.
  • MUSIT burde også vore med.
  • Kan dette vere geriljagruppe for å få til ting?
  • Dette kan vere ein koordinerande forum.
  • Agile som ein eigen del av utviklerforum? Eller "metodikk"?
  • Frontend-forumet funker bra. Der diskuterast det og koordinerast.
  • Få også med drift i eit metodikk-forum. Dei held på med Kanban så dei jobber også med metodikkar.
  • Involvere fleire folk generelt!

Konkluderte med:

  • Vi set opp eit eige løp under Utviklerforum-paraplyen, med tema "metodikk". Dette vert i staden for desse småmøta våre.
  • Forumet er meint for å diskutere og evt. koordinere alt metodikk-relatert på uformelt vis. I tillegg også inkludere litt lyntaler og andre foredrag.
  • Joakim kan fint administrere forumet, men det arrangerast i fellesskap med dei som er i dette rommet.
  • Tentativ dato for første forsøk er onsdag 31. august. Joakim har reservert Danskebåten. Vi ser på innhald og form etterkvart.

Sak 2: Korleis lære av kvarandre?

Vi er fleire teams, som prøver ut nye ting. Kva kan vi gjere for å lære av kvarandre, og samarbeide?

Var fornøgd med utfallet av møtet så langt, så tok ikkje opp dette punktet. Det kan takast med som diskusjonstema på utviklerforumet.

Eventuelt

Innimellom kom vi innom Scrumban-metodikken og om det kan brukast for Vortex. Kan Vortex-teamet bruke mindre tid på planlegging? Dei har mindre krav og bestillingar frå eksterne og er meir sjølvdrevne, slik som WAPP, som fort kan kreve mindre planlegging og konkrete datoar og estimat.

Diskuterte også litt utfordringar rundt hastesaker. Vortex måtte kaste seg rundt grunna utfordringar med FS-endringar som får sugerøyrsintegrasjonar til å brekke. Måtte restarte sprinten.

Publisert 7. juni 2016 18:00 - Sist endret 10. juni 2016 19:18