Tilbakeblikk på INT sprint 2016-16

Tilbakeblikk på sprint 2016-16. Sjå også forrige Sprint Retrospective.

Obs: Ingen laptop på dette møtet!

Fokusområder frå retrospectiven

  • Vi har fysisk Daily Scrum med eitt, open spørsmål: «Er det noko du vil dele?». Folk deler det dei føler er relevant, utan taleplikt.
  • SM flytter seg vekk frå skjermen, for å unngå å vere den folk rapporterer til, sidan det ikkje er eit statusmøte.
  • SM kaller inn til valfritt møte for å sjå foredrag om Scrum.

Tilstades

  • hanskfje
  • tvl
  • fhl
  • sgs
  • jbr
  • jsama
  • hamar
  • raymonm
  • tgk
  • jokim
  • kvaade
  • estephaz

    Sak 1: Fokus frå forrige sprint

    Vi diskuterer tiltak frå forrige sprint.

    Neste retrospective utan laptop!

    Laptops down! Fortsatte møtet utan.

    Neste sprint med virtuell standup

    Vi køyrde full virtuell standup denne sprinten. Koleis fungerte det?

    Litt blanda meiningar, diskuterte det litt.

    Fordeler med virtuell standup:

    • Skriftleg status er enklare å få med seg og hugse enn å berre høyre det - får bedre oversikt over kven som gjer kva
    • Har vore stillare på kontoret denne sprinten. Følast bråkete mellom standup og lønsj. Kan hende det kjem av at vi ikkje har standup (er også siste sprinten før jula)?

    Ulemper:

    • Fleire sakner diskusjonar. Er blitt mindre diskusjonar utan fysisk standup.
    • Folk kjem seinare på jobb
    • Liker å kunne snakke med folk på eit fast punkt. No er det ikkje noko naturleg tidspunkt for det, er alltid ein forstyrrelse.
    • At alle sit på samme rom har nokre fordeler (og naturlegvis også ulemper), men vi mister motivasjonen for å utnytte desse utan standup.

    Folk treng tid på å få inn nye vaner, så kan vere ønskeleg å teste det ut meir før vi konkluderer fullt og heilt.

    Diskuterte kultur i opent landskap. Nokre vert forstyrra av at andre diskuterer, andre syns det er bra. Ulikt syn på om Daily Scrum hindrer eller skaper støy. Ingen konklusjon på temaet, må diskutere kultur og bli enige om støytoleranse i eit seinare møte.

    Vart einig om tiltak:

    • Teamet har fysisk Daily Scrum med eitt, open spørsmål: «Er det noko du vil dele?». Folk deler då berre det dei ønsker å dele, utan taleplikt. Møtet kan då vare i berre 5 sekund, men om mange har relevant info på hjertet vil det uansett vare i maks 15 minuttar. Vi set med dette fokus på kva som er det vesentlege med Daily Scrum: Det er ikkje eit statusmøte, men eit synkroniseringsmøte mellom team-medlemma for å holde kvarandre i synk. Kva folk har gjort kan du sjå på scrumtavla.
    • Vi slutter med straff i å gje ukevakt og å ringe folk, det har ikkje hjulpe som straff og skaper berre støy.
    • SM flytter seg vekk frå skjermen, då folk skal snakke til teamet og ikkje gi status til SM eller PO.

    SM ser på tiltak for å forbedre standup

    Joakim hadde nokre forslag til tiltak, som vart tatt opp etterkvart som det passa i diskusjonen.

    Viste også fram del av foredrag frå Mike Cohn, om Daily Scrum (YouTube).

    Tiltak: SM kaller inn til valfritt møte for å sjå foredrag om Scrum, td. den i lenka over. Ein gang neste sprint.

    Publisert 2. des. 2016 10:49 - Sist endret 26. sep. 2017 11:51