INT Sprint Retrospective 2018-05

Vi ser tilbake på INT Sprint 2018-05

Tilstades

  • jbr
  • jsama
  • tgk (første halvdel)
  • sgs
  • hanskfje
  • fhl
  • jokim (ref)
 

Oppsummert: Action Items for sprint 2018-6

Prioriterte action items:

  • Ukevakta følger med på Sentry (sjå ukevaktsrutina)
  • SM legg inn story for å få resterande loggar frå Cerebrum inn i Sentry (CRB-2489)
  • SM inviterer Tore og dei til Sprint Planning for 2018-7 og Daily Scrum
  • SM og Torkild tar opp med HKF konkretisering og krav og forventingar i eValg-support

Sak 1: Oppsummering av sprinten

  • Heilt grei sprint. Ikkje så mykje som gjenstod, sjølv med sjukdom og 4-5 dagar med eValg-trøbbel.
  • Ein del underestimeringar. Altfor fristande å rydde opp i dårleg kode når ein fikser unicode, som er bra å fikse, men burde tatt høgde for det i estimat.
  • Teknisk gjeld gjer det treigt å utvikle.
    • Ein del jobbar som bruker over timen på å køyre. Tek lang tid å få testa. Mykje vart fiksa no.
    • Vanskeleg å teste delar av funksjonaliteten, sidan mykje er hardkoda og heng tett saman med andre jobbar.
    • Ser behov for ein del refaktorering, men har ikkje orka ta alt undervegs i unicode-arbeidet.
    • Folk bør legge inn stories fortløpande for det ein ser, men ikkje kan ta.
  • Flaut med trøbbelet med eValg for NMH.
  • Unicode-epic behageleg og positiv å jobbe med - veldig konkret kva vi må gjere, og følast nyttig. Har også utnytta situasjonen til å rydde i ein del kode, og tilrettelegge for python3.
    • Demo virker mindre verdt for eksterne (andre enn KIA), sidan det er veldig internt og lite direkte verdi.
    • Prodsettinga av unicode-epic vert ei utfordring - er blitt ein del migrasjonsjobbar. Kanskje ei helg som bør settast av, sidan ingen kan bytte passord eller få gjort noko med brukerreg, DNSinfo etc.
      • Dryrun først?
      • UiO først
      • Må kunne rulle tilbake
      • Redusert fokusfaktor neste sprint, for å handtere utfordringar etter prodsetting
  • Bruke Sentry under demo, for å vise at feil er fiksa?
  • Likte brainstormingsmøtet om teknisk løysing for Canvas microservice, i starten av sprinten. Bør ha meir av slikt.

Sak 2: Forbedringar for neste sprint

  • AI: Teamet legg inn stories for behov for refaktorering, straks du oppdager det

Treng å konkretisere kva eValg-kundar kan forvente av support, og korleis. Har vore for enkelt å kontakte oss. Til dømes at manntal må vere klart ei veke før valget starter, så vi ikkje må kaste alt fordi vi berre har to timar på å oss å hjelpe dei.

  • AI: SM og Torkild tar opp med HKF konkretisering og krav og forventingar i eValg-support

Vi brenner oss gjerne på uheldige designvalg i starten. Viktig å ha alle utviklarane med seg i starten, så vi får diskutert skikkeleg før ein person har jobba med det i over ei veke. Oppfordrer folk til å spørre, og diskutere.

Neste sprint handler om Canvas. Korleis vil vi jobbe med det?

  • Største utfordringa er å vite korleis det skal vere i Canvas - korleis skal ting sjå ut?
  • Vi bør studere den eksisterande integrasjonen, men bør ikkje gjere akkurat som den. Noko der er unødvendig tungvindt.
  • Vi bør ha eit nytt møte med prosjekt DLM (Tore og tre andre), etter at vi har blitt bedre kjend med Canvas API.
    • Korleis skal til dømes undervisingaktiviteter representerast? Høyrast rart og "feil" ut, slik forslaget er no - mental arv frå Fronter?
    • Bør likevel få opp ei minimal teneste først, før vi samarbeider med Tore, så vi har noko vi kan populere og sjå konsekvenser frå. Bør altså prioritere det grunnleggande verktøyet først.
    • Dialog med DLM i komande sprint virker lite effektivt, sidan vi har mykje teknisk vi må komme inn i først. Trur ikkje Tore og dei har nytte av det.

Ønsker bruke Sentry meir!

  • Rutine ved prodsetting: Sjekk Sentry ei stund etterpå
  • Mange feil som har hengt der lenge - drift ser ut til å ha ignorert. Vi må ta tak i desse.
  • Prøver ny rutine: Ukevakta følger med på Sentry dagleg.
  • Mangler nokre Cerebrum-loggar i Sentry. Bør få dei inn, så vi veit vi har alt samla.
Publisert 16. apr. 2018 10:56 - Sist endret 13. jan. 2023 12:35