Kommuniser betre - teikning for alle!

Teikning kan brukast for å beskrive eit tema, oppsummere eit poeng, konkretisere tankemønster eller skape felles forståing. Når vi teiknar i lag med andre må vi saman bli einige om detaljane, og på denne måten skapar vi felles forståelse for det som skal lagast umiddelbart. Lær om kvifor teikning er bra og korleis du kan komme i gang med å teikne!

Illustrasjon: Marte Hesvik Frøyen

Kvifor teikne?

Vi bruker store mengdar av studie- og arbeidskvardagen på å formulere tekst. Lange rapportar og møtereferat, tekstrike nettsider og grundige informasjonsskriv. Når vi ikkje bruker tida vår på å skrive, har vi lange samtalar og diskusjoner. Somme tider kan det virke som vi trur at "om vi berre får sagt eller skrive fire setningar til, så må vel alle forstå det vi prøver å forklare" uansett kor teknisk komplisert, eller faglig avansert, det som skal forklarast er.

Unngå møtekaos

Vi har vel alle vore deltakarar i møter der alle pratar i munnen på kvarandre, og ingen verkar interesserte i kva dei andre har å seie. Diskusjonen er høglytt og når møtet er over går alle, kvar til sitt, utan å eigentleg ha eit klart bilete av kva som vart bestemt. 

Illustrasjon av gruppe som diskuterer og snakkar i munnen på kvarandre.
Illustrasjon: Marte Hesvik Frøyen

Når gruppa møtast igjen, nokre veker seinare har deltakarane arbeida ivrig med det dei meinte vart vedteke på møtet. Utviklaren har for eksempel brukt mykje tid på å utforme ein perfekt blå sirkel, interaksjonsdesignaren har fortsatt vidare med konseptet som skal formast rundt ein grønn firkant og kunden ventar spent på første leveranse av ein raud trekant. Når dei møtast igjen blir dei overraska fordi løysinga ikkje stemmer over ens med deira forventningar. Dette er sjølvsagt satt litt på spissen, men vi møter jamleg på større eller mindre misforståingar som gjer at dyrebar tid går til spille og arbeid må gjerast dobbelt opp.   

Illustrasjon av gruppe med ulike bilder i tankeboblene sine.
Illustrasjon: Marte Hesvik Frøyen

Å bruke teikning i møter kan vere svært nyttig. Når vi teiknar i lag med andre må vi saman bli einige om detaljane, og på denne måten skapar vi felles forståelse for kva som skal lagast umiddelbart. Det er òg enklare å sjå samanhengen mellom detaljane og avdekke problem tidlig når ein får visualisert ei løysing, framfor å kun ha ein dialog rundt den.  

Illustarsjon av gruppe som diskuterer.
Illustrasjon: Marte Hesvik Frøyen

Lag foreståelege konseptuelle beskrivingar

Ein anna tilfelle som vi jamleg møter på, er å hjelpe nokon å forklare noko teknisk til ei gruppe som ikkje nødvendigvis har teknisk bakgrunn. Dersom ein skal prøve å gjere ei slik forklaring tekstleg kan ein fort bruke mykje tid på å finne formuleringar som er enkle å forstå, men som samstundes forklarer konseptet på teknisk riktig måte. Eit god alternativ til tekst er difor å bruke teikning. I slike tilfeller kan ein velje å løyse det på flere måtar. Ein kan for eksempel lage ei teikning som illusterer korleis dei tekniske delane er satt saman og beskrive korleis dette fungerer. Eit anna alternativ er å bruke teikning til å illustrere gevinstane ved å innføre løysinga.

Eit eksempel på det sistnevnte er illustrert nedanfor. Skissa viser korleis pålogging til trådløst nett (eduroam) vil fungere med og uten automatisk pålogging gjennom Airwatch. På denne måten kunne vi forklare kva fordelar brukarane av trådløst nett ved UiO vil oppleve ved å innføre Airwatch på enheter (pc/mobil) innkjøpt av UiO, uten å trekkje fram tekniske detaljar. 

Skisse: Pålogging til wifi med og uten automatisk pålogging gjennom Airwatch. 
Illustrasjon - pålogging til wifi med og uten automatisk pålogging gjennom Airwatch av Marte Hesvik Frøyen. 

Kvifor er teikning bra?

Teikning kan vere eit hjelpemiddel når vi skal formidle ein bodskap. Det kan brukast for å beskrive eit tema, oppsummere eit poeng, konkretisere tankemønster eller skape felles forståing. Nokre fleire stikkord rundt kvifor teikning er bra er; 

  • Teikning konkretiserer det abstrakte og gir diskusjonar retning
  • Dei fleste av oss leser bilete betre enn tekst
  • Teikning er internasjonalt og inkluderande 
  • Ein hugsar teikningar på same måte som ein hugsar forteljingar 
  • Og sist men ikkje minst - teikning er gøy!

Men korleis gjer ein det eigentleg?

Så då er det vel berre å gjere det - reise seg opp og ta ordet, i eit litt kaotisk møte, og berre teikne. Det kan jo virke enkelt, men for mange vil det å ta ordet og få alt fokus på seg sjølv vere grunn nok til å aldri ville ha vurdert å nevne at teikning kunne ha vore ein god idé i utgangpsunktet.

Lag deg ei verktøyskasse

Teikning handlar i stor grad om tryggleik –  å kjenne seg trygg i stuasjonen ein teiknar i, ha tru på at ein er flink nok til å teikne og ikkje vere redd for å prøve og feile. Men det kan ofte vere vanskelig vite kvar ein skal starte likevel. 

I vår var eg på Yggdrasilkonferansen, der eg deltok på ein workshop med Kine Vaagan og Hanne Linander, The power of drawing – kommuniser bedre, som tok opp ein del av dette. Ein treng ikkje å vere flink til å teikne for å kunne lage ein illustrasjon som er forståeleg, men det kan vere enklare å lage ei teikning dersom ein har nokon referansepunkt til korleis ulike ting ser ut. 

Ein god plass å starte er difor å lage seg ei verktøyskasse av former og figurer, slik at ein har noko å byggje vidare på når ein skal setje i gong å teikne. Når ein lagar ei verktøyskasse må ein tenkje litt på kva type former og figurar som vil vere relevant for din studie-/arbeidskvardag. Eit godt utgangspunkt kan vere å starte med nokre geometriske figurar, ulike objekt og nokre mennesker. 

Ordet verktøyskasse kan moglegens verke litt abstrakt, men det handlar altså om å lage eit sett med teikningar som du kan bruke når du skal teikne, slik at du slepp å finne opp nye måtar å teikne ting på kvar gong. Nedanfor ser de eit eksempel på korleis eit utdrag av ei slik verktøyskasse kan sjå ut.  

Illustrasjon av ulike objekt frå mi verktøyskasse, eks. dokument, pc, mobil, snakkebobler, tidslinjer, modellar osv.
Illustrasjon - eit utdrag av mi verktøyskasse.​ av Marte Hesvik Frøyen.
​​

Øving gjer meister

Inspirert av workshopen på Yggdrasilkonferansen valte vi i UX-gruppa på USIT å halde eit UX-forum den 16. oktober for å inspirere til å bruke teikning meir aktivt i studie og arbeidskvardagen, samt å illustrere korleis ein kan lage si eiga verktøyskasse. Deltakarane fekk utdelt kvar sin tusj og kvite A3-/A4-ark til å teikne på. Når ein brukar tusj til å teikne med har ein i tillegg ei utfordring med at ein ikkje kan viske ut, som gjer at samstundes som ein øvar på å teikne, kan ein òg øve på å tenkje at det ein teiknar er godt nok, sjølv om det blir litt skeivt eller proporsjonane blir litt merkelege. 

For deg som ikkje var med på UX-forumet vil eg beskrive korleis Ida Krüger og eg, Marte Hesvik Frøyen, gjekk fram, slik at du kan bruke dette innlegget til å lage di eiga verktøyskasse. For å få størst mogleg utbytte anbefaler eg deg å ta fram nokre ark og ein tusj, og prøve deg på dei ulike oppgåvene nedanfor - her er det kun fantasien som set grenser for kva du kan teikne.  

Strekar

For å komme i gang med teikninga starta vi med å teikne strekar. Medan vi teikna strekar fokuserte vi på ulike ting; 

  • teikne tynne og tjukke strekar
  • teikne fort og sakte 
  • variere frå å teikne lett på hand til å legge på meir vekt
  • berre ta sats
  • variere mellom å bruke handleddet og å bruke armen frå albuen
  • teikne hårete strekar (mange mindre strekar som til saman blir ein strek)
  • teikne frå prikk til prikk
Illustrasjon - strekar av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 

Krusedull

Når ein har kome godt i gang med å teikne strekar kan ein gå over til å teikne ein krusedull. Etter at krusedullen er teikna opp held ein fram med å teikne i det same mønsteret, og forsøker å treffe det same mønsteret kvar gong. Det kan vere lurt å fokusere på å sjå lenger fram enn der ein er for å vite kva som kjem vidare i mønsteret. Når ein har teikna eit par rundar kan ein forsøke å auke tempoet og sjå kor fort ein klarar å teikne og framleis halde seg omtrent i det same mønsteret. 

Illustrasjon - krusedull av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 

Geometriske figurar

Geometriske figurar er ein viktig del av det å kunne teikne. Dersom ein meistrar å teikne ulike geometriske figurar kan ein seinare setje dei saman til ulike objekt og figurar. Det kan difor vere lurt å bruke litt tid på å finne ut korleis du syns det er enklast å teikne ulike typar firkantar, trekantar, sirklar og andre geometriske figurar. Nokre syns det er enklast å teikne figuren med eit pennestrøk, medan andre teiknar strek for strek. Det kan òg vere lurt å øve på å lukke figurane, dvs. at dersom ein teiknar strek for strek, bør strekane møtast slik at det ikkje blir luft mellom strekane. Dersom ein boks ikkje er lukka aukar det den kognitive belastninga hos den som skal sjå på figuren fordi det vil vere vanskeligare å oppfatte at det f.eks. er ein firkant. 

Illustrasjon - geometriske figurar og korleis ein kan setje dei saman til eit objekt av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 

Objekt

Når du kjenner at du meistrar geometriske figurar kan du gå vidare til å sette saman figurane til ulike objekt. Her er det berre fantasien som set ein stoppar for kva du skal teikne. Ein hovudregel kan vere å prøve å teikne ulike objekt så enkelt som mogleg, slik at når du seinare skal teikne framfor ei gruppe ikke brukar unødvendig tid på detaljar. Det er heller ikkje eit mål å teikne flest mogleg ulike objekt, men heller prøve å setje saman ein pakke som vil vere nyttig for deg. 

Illustrasjon - datamaskiner og ein mobiltelefon av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 
Illustrasjon - dokumenter og skjemaer av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 
Illustrasjon - nettside med popupdialog, musepeker og kalender av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 
Illustrasjon - snakke- og tankebobler av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 
Illustrasjon - modeller og scenario av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 
Illustrasjon - mål og delmål, og ulike objekter av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 
Illustrasjon - bil, el-bil, møte fly og dyr av Marte Hesvik Frøyen frå UX-forum den 16. oktober. 
Skissen av en bondegård.
Illustrasjon - bondegård av Ida Krüger frå UX-forum den 16. oktober. 

Menneske

Det er mange måtar å teikne menneske på. Ein kan teikne heilt enkle strek-menneske eller ein kan teikne avanserte menneske med ansiktsutrykk, kle, hår osv. Her handlar det om å finne ei form som du meistrar, slik at du blir trygg på å teikne menneske på denne måten. Det kan òg vere greit å variere detaljane ut i frå kva du skal teikne. 

Dersom ein skal teikne eit menneske med litt meir detaljar kan det vere lurt å starte med ulike ansikt. Her kan ein variere med ansiktsform, plassering og størrelse på auge, augebryn og munn, og variere hårmengde og fasong.

Når ein vidare skal starte på kroppen kan det vere lurt å starte med å teikne opp ein kropp med dei ulike ledda, slik at ein får eit bilete på korleis kroppen er satt saman. Vidare kan ein eksprimentere med kroppsfasong, lange og tynne, runde eller meir avanserte kroppar. 

Skissen viser ulike måter å tegne ansikter med øyne, nese, øyenbryn og hår på.
Illustrasjon - ansikter av Ida Krüger frå UX-forum den 16. oktober. 
Skissen viser hvordan man kan tegne mennesker.
Illustrasjon - kropp og mennesker av Ida Krüger frå UX-forum den 16. oktober. 

Situasjonar

Når ein har øvd litt på både objekt og menneske kan ein bevege seg vidare på å illustrere situasjonar der ein set saman dei to gruppene. Igjen handlar det her om å teikne enklast mogleg, og unngå å teikne i perspektiv dersom det ikkje er nødvendig. 

Skissen viser ulike situasjoner: en som går, en som hopper av glede.
Illustrasjon - situasjonar av Ida Krüger frå UX-forum den 16. oktober. 
Skissen viser ulike situasjoner: en som må på toalettet, en som er forvirret, noen som sitter i et møte, en som jobber på en datamaskin.
Illustrasjon - situasjonar av Ida Krüger frå UX-forum den 16. oktober. 
Skissen viser ulike situasjoner: en som er trist, en som har en ide, noen som er forelsket, en som venter på bussen osv.
Illustrasjon - situasjonar av Ida Krüger frå UX-forum den 16. oktober. 
Skissen viser ulike situasjoner: kø, en som jobber på en datamaskin og en som leser en nettside.
Illustrasjon - situasjonar av Ida Krüger frå UX-forum den 16. oktober. 

Verktøyskassa

Mot slutten av ei slik teikneøkt sit ein som regel igjen med ein liten bunke med skisser. For at det skal bli enklare å ta dette opp igjen seinare og faktisk benytte det som ei verktøyskasse kan det vere kjekt å gå gjennom skissene og trekkje ut dei figurane, objekta, menneskene og situasjonane som du er mest fornøgd med. Når du har valt ut kva du ynskjer å ha med i verktøyskassa di kan du teikne dei over på eit eller fleire ark, for å ha eit samla verktøyskasse til seinare. 

Teikning er for alle!

Til slutt vil eg på nytt nevne at teikning handlar ikkje om å gjere det finast mogleg, men å gjere seg forstått. Det òg handlar om å bidra til felles forståelse og skape ein kommunikasjonsplatform som alle kan relatere seg til. Teikning er ikkje berre for dei som er mest kreative, men for alle, uansett forkunnskaper eller fagfelt!

Av Marte Hesvik Frøyen
Publisert 7. nov. 2018 10:26 - Sist endret 11. des. 2018 10:56
Tegneblokk med håndtegning av et brukergrensesnitt

UX-bloggen

En blogg for deg som er interessert i gode brukeropplevelser, tips og triks, nyttige UX-verktøy og erfaringer fra prosjekter vi i Gruppe for Brukeropplevelse arbeider med.