Prosjekt Tilgangsstyringsgrupper

Prosjekt Tilgangsstyringsgrupper (TSG) skal utvide Cerebrum med eit rikare sett med automatiske grupper for tilgangsstyring, for å auke sikkerheten og bedre brukaropplevinga i tenester.

Status: Prosjektet er satt på pause, i påvente av bemanning.

Bakgrunn og formål

UiO har mangelfull tilgangsstyring, i følge internrevisjonen (EIR) sin rapport frå 2013. Blant anna vert mange tilgangar tildelt manuelt, som ofte fører til mangelfull opprydding. Eit «Forprosjekt tilgangsstyring» har sett på problemstillinga, og anbefalte å starte dette prosjektet, samt det pågåande prosjektet «Tilganger og roller i administrative systemer» (TRADS), som ser på å bedre datagrunnlaget i SAPUiO.

Formålet med dette prosjektet er å oppnå auka sikkerhet og bedre brukaroppleving gjennom bedre tilgangsstyring. Prosjektet skal oppnå dette ved å utvide Cerebrum med fleire automatiske grupper, som dekker behova som finnast på UiO, og tilrettelegge for å ta desse i bruk.

Sjå prosjektbeskrivelsen for meir detaljar. Midlar vart tildelt frå SKAIT 20.12.17.


Prosjektstart: 1. mai 2018. Pausa frå juni 2018.

Prosjektslutt: 31. desember 2018, men utsatt til 2019


Hovedleveranser

  • Kartlegging av behova for automatiske grupper hos tenesteeigarar.
  • Kartlegging av kva rolledata som finnast i SAPUiO og FS som kan brukast for tilgangsstyring.
  • Utvide Cerebrum med fleire tilgangsstyringsgrupper, basert på kartlegginga.
  • Oversikt over automatiske grupper for tenesteeigarar, og korleis ta dei i bruk.

Prosjektstatus

Konsept Planlegge Gjennomføre Avslutte Realisere
Godkjend Godkjend Del 1 Del 2    
    Utsatt til 2019      
Publisert 9. apr. 2018 11:50 - Sist endret 13. sep. 2018 21:35