Prosjektforslag for Vidareutvikling av eValg

Dette er revidert prosjektforslag, etter igangsettinga i 2018. Sjå gamalt prosjektforslag for perioden 2017, før frys og budsjettavklaringar.

Endringa frå tidlegare versjon er at deltakarar styringsgruppa og prosjektdeltakarar har slutta, og tidspunkt er justerte etter frys. Formål og leveransar er uendra.

1. Prosjektmandat

Dette er ei meir detaljert utgreiing av prosjektmandat for eValg 3.0.

Prosjektet har grovt sett to målgrupper: Veljarar og valadministratorar. Ved behov for prioritering kjem veljarane foran valadministratorar, då det er største brukargruppa av tenesta.

Effektmål:

  • Løysinga skal bli enklare å ta i bruk av veljarar.
  • Løysinga skal bli enklare å bruke av valadministratorar.
  • Mindre belasting på dei som drifter og forvalter løysinga. Målt i registrert arbeidstid før og etter prosjektet.

Resultatmål og leveranser:

  • Veljarar og valadministratorar skal få eit brukargrensesnitt som er universelt utforma, følger UiO sin profil, og som kan brukast på andre typar enheter.
  • Valadministratorar og lokale valstyrer skal enkelt kunne utføre dei vanlegaste prosessane utan behov for involvering frå driftarar/utviklarar. Dette inkluderer å bestille, sette opp, endre, starte og avslutte eit vanleg val, og administrere manntal.
  • Valadministratorar skal kunne telle opp val utan behov for involvering av administratorar. Opptellinga skal flyttast inn i web-applikasjonen.
  • Løysinga skal ha støtte for sjølvbetening for valadministratorar, ved å kunne delegere forvaltinga av roller for tilgang til val.
  • Løysinga skal ha ein webservice for innlesing av manntal, med tilhøyrande dokumentasjon for å ta i bruk.
  • Prosjektet skal beskrive korleis det er ønskeleg å drifte og forvalte løysinga i etterkant, for å nærme seg DevOps og "Cloud ready".

Rammer:

  • Den gamle løysinga er blitt vurdert som for utdatert, så prosjektet spesifiserer opp ei ny løysing.
  • Løysinga skal vere av fri programvare (FLOSS) for å gjere den så etterprøvbar som det er mogeleg.
  • Prosjektet skal vere pilotprosjekt for å bruke sjekkliste for gjennomføring av utviklingsaktiviteter, som er eit tiltak for realisering av USIT sin strategi, (Eksempel på mal for en applikasjon (nettskjema).
  • Vidareutviklinga skal styrast mot «Cloud ready», i tråd med USIT sin strategi. Kva dette betyr må konkretiserast i dialog med IT-drift.
  • Brukarar involverast gjennom brukarundersøkingar av ny løysing.
  • Utviklingsarbeidet organiseres med smidig metodikk i INT. Prosjektet bestiller utviklingsleveranser ved å beskrive utviklingsbehov som brukerhistorier. Prosjektet skal i sine bestillingar til INT spesifisere kva som og bør utviklast, då det truleg vil vere meir bestillingar enn det er avsatt ressursar for.

2. Prosjektets avhengigheter

  • INT for utviklingsarbeid
  • UX, for interaksjonsdesign, brukarundersøkingar og evaluering
  • Konsulentbistand, for grafisk profil
  • AP, for godkjenning
  • IT-sikkerhet og juristar, for godkjenning
  • IT-drift, ved GAP, for evt. overtaking av produktet for prodsetting

3. Interessenter/målgrupper

Viktige interessenter:

  • Seksjonen USIT/INT
  • Sentralt Valstyre
  • Sentralt Valsekretariat og Avdeling for personalstøtte
  • SKAIT
  • Gruppe for brukeropplevelse (UX)

Sjå også Interessentanalysen.

4. Prosjektorganisering

5. Overordnet milepælsplan og ressursbehov

Fristar er tentative, og avhenger blant anna av når prosjektet starter.

  1. Når plan for involvering av UX er klar.
  2. Når plan for rolle som pilotprosjekt for sjekkliste for gjennomføring av utviklingsaktiviteter er klar.
  3. Når plan for å styre utviklinga mot å kunne køyre i ei sky ("Cloud ready") er klar.
  4. Når spesifikasjonar for UX og teknisk løysing og bestilling er klare.
  5. Når INT og AP har godkjend bestillinga av utviklingsarbeid.
  6. Når første versjon av løysing for veljarar er utvikla og evaluert.
  7. Når første versjon av løysing for valadministratorar er utvikla og evaluert.
  8. Når pilot av tre val er gjennomførd.
  9. Når eValg 3.0 er satt i produksjon og overført til linjeorganisasjon.

Sjå Milepælsplan og ansvarskart.

Prosjektet er tenkt å arbeide med spesifikasjonar og bestillingar til INT. Dette krever totalt 368 timar frå INT, og 290 timar frå UX. Utviklinga gjerast deretter av INT.

6. Risikoanalyse

Dei største utfordringane:

  • Valadministratorar tek ikkje i bruk løysinga utan ønske om teknisk bistand.
  • For lite konkrete bestillingar til INT, så det vert misforståingar i kva som skal utviklast.
  • Arbeidet vert underestimert.
  • Endringane vert ikkje godkjend av dei som evaluerer løysinga.
  • Manglande interesse frå interessentar.

Sjå Risikoanalysa for meir detaljar.

7. Økonomiske rammer

Tildelt frå SKAIT 2'450'000 kroner, for frikjøp og konsulentbistand. Resterande kostnader dekkast av USIT.

Publisert 2. des. 2016 15:08 - Sist endret 3. jan. 2019 07:05