Rapport pr 1. tertial 2017, for “Prosjekt Vidareutvikling av eValg"

Prosjekteier: Hans Kristian Fjeld Prosjektleder: Joakim S. Hovlandsvåg

Fremdrift og leveranser i perioden

Utviklinga av løysinga (M6) starta, men er forsinka og underestimert. Det har blitt jobba ein del med å få bedre estimat på gjenståande arbeid.

Avvik fra plan og forsinkelser

  • Estimata tilseier at det ikkje er nok med tildelte midlar frå SKAIT. Dette har blitt identifisert som ein risiko, og har hatt fokus, men no begynner estimata å bli meir konkrete til å vite meir sikkert at vi går over budsjett, og kor mykje. Prosjektet har fått tildelt ein sprint (200-400 timar) frå INT sitt budsjett, men det er også usikkert om det er nok. UX har også brukt meir tid enn estimert, grunna opplæring og at løysinga viste seg å vere meir omfattande enn først antatt, og tek dette frå eigne midler.
  • M6 (Løysing for valadministratorar) er forsinka og underestimert, mykje grunna ny teknologi og ukjend fagområde for mange i teamet.
  • M7 (Skisser for velgargrensesnittet) er forsinka. Skisseutkast planlagt klart 18. mai.

Risiko og konsekvens for forsinkelsene

Avvika har ingen konsekvenser for SKAIT. Budsjett-overskridingar dekkast av USIT, og prosjektet vert ferdigstild godt innan siste frist (31. desember 2017).

Prosjektet sin frist for prodsetting av ny løysing, 1. juli (M9), er forskjøve til 1. oktober.

Då prosjektet får arbeidstimar frå linja, betyr det at forsinkinga går ut over andre aktiviteter hos INT og UX, blant anna arbeidet med BOTT-Cerebrum, IntArk-prosjektet og UX-aktiviteter.

All funksjonalitet som ikkje er kritisk for å nå mål og formål med prosjektet har blitt flytta til eValg sin backlog, for å eventuelt utviklast i ein seinare versjon. Dette betyr at ferdig løysing i dette prosjektet vert ein minimal versjon, som inneheld eit moderne grensesnitt med tilnærma samme funksjonaliteten som den gamle eValg-løysinga, men lite meir.

Tiltak

  • Justere tidspunkta i milepælar.
  • Vurdere med prosjekteigar å kutte meir funksjonalitet, som har konsekvens for formålet til prosjektet.
  • Avklar med INT om ressursar frå linja til prosjektet.
  • Sjå på andre tiltak med prosjekteigar for å redusere tidsbruken.
  • Rydde i det som forstyrrer utviklingsteamet. Dette jobbast med i metodikken til INT.

Oppdatert plan vil bli beslutta på styringsgruppemøte 29. mai.

Samarbeid

Samarbeidet fungerer bra.

Ressursbruk

Det er ført 1356 timar i perioden. 293 timar frå UX, og 1063 frå INT.

Prosjekt Enhet Ansatt Timar
[Collapse]eValg 3.0 [Collapse]USITINT Braathen Jonas 183,50
Fjeld Hans Kristian 5,50
Hamar Robert Bauck 285,25
Hovlandsvåg Joakim 79,25
Kjevik Torkild 272,50
Larsen Fredrik 133,00
Sama Jo 101,50
Simeonov Simeon 2,50
USITINT Total 1063,00
WEB-UX Eklund Martine 261,00
Eriksen Tomm Anders 3,00
Foss-Pedersen Rikke 29,00
WEB-UX Total 293,00
Totalsum 1356,00

Det vart fakturert kr 26250 frå Netlife Research, for designarbeid (15 timar).

Prioriteringer neste periode

Fram til og med august er dagens, ikkje-justerte plan å:

  1. Fullføre valadmingrensesnittet (M6)
  2. Ferdigstille skisser for velgargrensesnittet (M7)
  3. Starte på og fullføre utvikling av velgargrensesnittet (M8)
  4. Sette eValg 3.0 i produksjon (M9)

Med forbehold om utsettingar, som vert konkludert etter neste styringsgruppemøte.

Av jokim
Publisert 19. mai 2017 22:05 - Sist endret 2. feb. 2019 08:25