Årsrapport 2018 for prosjekt «Videreutvikling av eValg»
Prosjekteier: Hans Kristian Fjeld. Prosjektleder: Joakim S. Hovlandsvåg.
Status
Prosjektet stod på pause fram til november 2018 grunna andre prioriterte oppgåver hos USIT/INT, som varsla til SKAIT 13.11.2017 og 22.06.2018. Mål for ferdigstilling er 1. juli 2019.
Obs: Nye prioriteringar i 2019 (integrasjon med Timeplanlegging for kalenderdata) gjer at forventa ferdigstillingsdato må utsettast til hausten 2019. Det jobbast med å avklare og konkretisere ny dato for ferdigstilling.
Prosjektmidlene fra SKAIT er planlagt å gå til frikjøp av midlertidig ansatt, som igjen fristiller seniorer til å delta i prosjektet. Det tok lengre tid enn forventet å få ansatt en kvalifisert midlertidig ansatt, men i tredje kvartal ble det endelig gjort en ansettelse.
- To nøkkelpersonar i prosjektet har slutta. Prosjektet har difor brukt mykje tid på kompetanseoverføring til nye ansatte.
- Ny løysing er lagt ut på evalg-test01.uio.no, tilgjengeleg for alle.
Økonomi
Det har blitt brukt 745 timar på prosjektet i 2018. Siden prosjektmidlene skal finansiere et midlertidig engasjement, vil timene regnskapsmessig bli rapportert først etter at midlertidig ansatt er på plass.
Forvalting
Prosjektet er i dialog med systemeigar, USIT/INT, og prosesseigar AP/Sentralt Valsekretariat, samt Sentralt Valstyre og IT-support (Houston) om mottak av ny eValg-løysing.
Dette er på mange måtar eit digitaliseringsprosjekt, då ny løysing vil medføre ei endring i valadministrative rutiner. Blant anna er løysinga mykje meir sjølvbetent. Prosjektet er i dialog med AP om konsekvensane for dei som arrangerer val.
Gevinstrealisering
Gevinstrealiseringsplan [DOCX] er uendra sidan prosjektet vart satt i pause. Etter planen skal den justerast når prosjektet nærmer seg ferdig, i 2019.
Risikovurdering
Dei viktigaste elementa frå risikovurderinga [XLSX]:
- Høg risiko for at utviklinga går over budsjettet. Dette går eventuelt frå USIT sitt eige budsjett, på bekostning av linjeaktiviteter.
- Nøkkelpersonar i Sentralt Valsekretariat har slutta, som er ein risiko for mottaket av ny løysing. Tiltak: Tettare dialog med valsekretariatet. Konsekvens: Meir tidsbruk på interessentoppfølging.
- Fare for dårleg respons hos valarrangører. Tiltak: Invitere til workshops, be om innspel til bistand og opplæring. Informasjon undervegs.