Overlevering av UX-skisser

UX er klar med skisser for eValg-løysinga, så vi går gjennom desse.

Målet med møtet er å få overlevert skissene og få avdekka det som evt. er uklart, og bli enige om plan vidare for UX i prosjektet.

Tilstades

  • Martine Eklund
  • Tomm Eriksen
  • Torkild Kjevik
  • Joakim Hovlandsvåg (ref)
  • Robert Hamar (sjuk)
  • Hans Kristian Fjeld

Sak 1: Gjennomgang av skisser [informasjon]

UX går gjennom skissene dei har laga. Vi spør om noko er uklart.

Martine gjekk gjennom skissene for valadmin-grensesnittet. Fekk nokre kommentarar undervegs.

Det er ønskeleg å ta ein gjennomgang med utviklarane, ein time eller to. Joakim diskuterer med Martine.

Ønskeleg å fjerne lokalisering av beskrivelser av valg og evt. kandidatarar (bokmål, nynorsk og engelsk). Prosjektet må høyre med Robert, evt. Bård, om det er påkrevd og i faktisk bruk. Står ikkje om det i valreglementet. Kan hende det var ekstrafunksjonalitet i gamal løysing.

Flyt rundt opptelling må jobbast med. Det er endå uklart korleis nøkkelhandteringa skal fungere.

Sak 2: Vidare arbeid [diskusjon]

Vi blir enige om plan vidare.

  • Kva har UX att av ressursar?
  • Kva meir tenker UX å bidra med i prosjektet? Daily Scrums? Brukarundersøking for valadmin? Veljarar? Kva rekkefølge?
  • Trengs mocking av frontend for UX sine undersøkingar?
  • Kva er tidspunkt i utviklingsløpet? Sjå Aktivitetsplanen til prosjektet, spesielt M6 og M7.
  • Presentasjon av skisser for INT, og evt. også andre?

UX har brukt meir timar enn estimert, men fører det utanfor prosjektet. Gjer at frå prosjektet sitt perspektiv følger dei planen. Fortset også på den originale planen vidare i prosjektet.

UX treng ein dag eller to på å justere etter tilbakemeldingar, før overlevering til prosjektgruppa. Joakim og Martine blir enige om korleis gå gjennom skissene med utviklarane, og kven som bør delta.

Prosjektet må ha satt av tid til å rette tilbakemeldingar etter brukartestingane frå UX, eller er testinga bortkasta tid. Sett av nokre dagsverk til dette.

Joakim avtaler med Martine om korleis koordinere designavklaringar i utviklinga. Faste møter anbefalt, sidan Martine kjem til å vere mykje opptatt andre stader.

Joakim sender forslag til datoar for brukartestinga på e-post, så UX kan vurdere når det passer. UX ser for seg å teste valadmin-grensesnittet og veljar-grensesnittet kvar for seg, når det utviklast.

Eventuelt

Publisert 25. jan. 2017 10:58 - Sist endret 3. feb. 2017 15:09