Avklaringar for prosjektet

Møte for å samle opp litt lause trådar i prosjektet.

Mål for møtet er å få klargjort detaljar til styringsgruppemøtet og utviklinga til neste sprint.

Tilstades

  • hkf
  • jokim (ref)

Sak 1: Status på prosjektet [informasjon]

Status frå PL på korleis det går i prosjektet, med ønske om tilbakemeldingar frå PE på dette.

  • M3 og M4 forsinka, men ser ikkje ut til å påvirke sluttdato, grunna buffer
  • Tidsbruk i planlegginga overskrede, men usikker på kor mykje av det som er UX og ikkje.
  • Mykje som burde fått meir tid til diskusjon, men har ikkje meir tid å bruke på det.
  • Generelt treig aktivitet, mykje nytt, og noko usikker på PL-rolla i prosjektgruppa.

Oppfølging

PL fokuserer på budsjett og tidsbruk, for å sikre at vi held oss innanfor. Må ta ein runde om vi går over tida, på korleis vi løyser det. Treng då meir detaljert oversikt over overskridelsen.

Sak 2: M3 - plan for cloud ready [beslutting]

Kan M3 - Når plan for å styre utviklinga mot å kunne køyre i ei sky ("Cloud ready") er klar godkjennast? Køyrer i vanleg driftsmiljø, men med docker. Avventer orkestreringsverktøy, som GAP jobber med. Vil køyre ein enkel test av løysinga i UH-IaaS. Dreg oppom Trond A. for kommentarar ved behov.

Oppfølging

Tek i SG-møte.

Sak 3: Aktivitetsplan [diskusjon]

PL har oppdatert Aktivitetsplanen, men ønsker å diskutere planen framover. Blant anna:

  • Planlegg utan direkte involvering av PG.
  • Utvikling av valadmin først og veljarar etterpå, då det gjorde utviklinga meir effektiv. Bryt det med ønsket om fokus på best mulig veljargrensesnitt?
  • Tidspunkt for brukartesting ok? Satte fristen ei veke før milepæl, men med lite buffer. Sjå aktivitetsplan i M6. Oppsummert:
    • Valadmin: utvikling til 14. april, brukartest 14.-30. april, presenter tilbakemeldingar før 1. mai.

Nådde ikkje dette punktet.

Sak 4: Hypoteser [beslutting]

Etter UAV-sjekklista skal det lagast hypoteser som skal evaluerast undervegs i utviklinga. Ukjend materiale, og usikker på om dette prosjektet fungerer med dette. Gjer mykje nytt allereie, så PL foreslår å droppe dette, og heller fokusere på automatisert testing og at vi følger skissene.

Nådde ikkje dette punktet.

Sak 5: Status brukarhistorier [diskusjon]

PL kjem med status. Kva når vi og kva når vi ikkje?

Korleis forberede sprintane? Nok at PL set opp i Jira og sender forslag på e-post dagen før Sprint Planning, eller skal vi diskutere før kvar sprint?

Nådde ikkje dette punktet.

Sak 6: Forberede styringsgruppemøtet [diskusjon]

Diskuterer SGmøtet. PE er ordstyrar? Formål med møtet? Forslag til saker:

  • Kvalitetskriterier, for å følge UiO sine mål.
  • Aktivitetsplan: Kva nivå?
  • Opplæring frå AP?

Oppfølging

Agenda er ok som den er.

Sak 7: Kvalitetskriterier [diskusjon]

Kvalitetskriterier til løysinga skal følge UiO sine mål. Har forslag, men kven bør komme med desse?

Nådde ikkje dette punktet.

Sak 8: Førstelinjesupport

Skal PL gå i dialog med Houston/driftssenter om førstelinjesupport på ny løysing?

Oppfølging

Tar dette opp att seinare, når vi har meir detaljar, både hos oss og driftssenteret.

Sak 9: Etterarbeid

Etterarbeid i prosjektet: Skal prosjektet ta meir enn berre evalueringa? Har foreslått ekstra milepæl: M9 Når valadministratorar har tatt i bruk løysinga utan behov for bistand. Har med gevinstrealiseringa å gjere.

Oppfølging

PL tar opp på SG-møte.

Eventuelt

Publisert 2. feb. 2017 15:18 - Sist endret 2. feb. 2019 08:25