Estimering av gjenståande arbeid

Prosjektet er underestimert, og vi ser at vi ikkje vil bli ferdig på satt budsjett. Vi treng å få oversikt over kor mykje arbeid som gjenstår, for å beslutte kva vi gjer vidare - søke meir midlar frå SKAIT eller andre stader, eller stoppe prosjektet.

Mål for møtet: Komme fram til eit grovt, men dekkande, estimat på gjenståande arbeid i prosjekt eValg 3.0.

Tilstades

  • Fredrik Larsen
  • Jo Sama
  • Simeon Simeonov
  • Jonas Braathen
  • Robert Bauck Hamar
  • Torkild Kjevik
  • Joakim Hovlandsvåg (PL, ref)

Sak 1: Status [informasjon]

Joakim introduserer med status:

Vi har per i dag brukt opp tildelte midlar frå SKAIT (1'500'000kr), og begynner å bruke av ekstra midlar tildelt frå INT (400 timar). Det ser også ut til at det ikkje vil vere nok, men kor mykje vil vi gå over?

Ei utfordring er at vi har til no underestimert det meste, og sprint-velocity har vore ustabil. Det har difor vore vanskeleg å sjå ressursbehovet for gjenståande arbeid.

Sak 2: Estimering [diskusjon]

Estimerer ved å sjå på veikart i Jira. Vi når ikkje å gå i detalj på kvar enkelt brukarhistorie, så må grovestimere. Gjer dette i iterasjonar, og med ulike perspektiv, for å sikre oss at vi kan stole på estimatet.

Diskusjon

Utviklarane anser oss som 66% ferdig.

  • Valadmin-grensesnittet vart OMP-estimert til: 38, 45, 60 (= 47 SP)
  • Velgar-grensesnittet vart detalj-estimert til: 42 SP
  • Resten (prodsetting, dokumentasjon, infrastruktur, etc) vart estimert til rundt ein sprint - 25 SP.

Totalt vert det 114 SP. Utfrå historikken til prosjektet, koster eit story point 13 timar, som då gir oss 1500 timar.

Utviklarane var ikkje heilt komfortable med dette talet, men med eit buffer på 100 timar vart dei fornøgd. Vi anser dette talet som eit godt grunnlag.

Konklusjon

Det vil kreve 1600 utviklingstimar for å få eValg 3.0 ferdig og prodsatt.

Publisert 1. sep. 2017 13:48 - Sist endret 1. sep. 2017 13:51