Førebuingar
Før du deltek på webinaret treng vi at du førebur deg:
- Du må ha logga på din institusjon sin API manager, og sett litt rundt i løysinga. Ta kontakt på intark-drift@usit.uio.no dersom du ikkje får logga på.
- Du må ha tatt ein titt på dokumentasjonen til IntArk, på docs.uninett.no.
- Du bør ha testa at du får logga på test-instansen, for der kan du teste ut noko av det du lærer på webinaret. Vi gir tilgang til alle som melder seg på webinaret fortløpande. Test-insansane du bør sjekke at du får logga inn på:
- API-katalog: api-kurs.intark.uh-it.no
- API manager: api-mgmt-kurs.intark.uh-it.no
- Brom: brom-kurs.intark.uh-it.no
Påmelding
Presentasjonar
Opptak av webinaret er tilgjengeleg på vimeo.
Agenda
Det vil kunne bli endringar.
|
Kva |
Beskriving |
| Introduksjon frå Sikt | Tenesteigar for Datadeling/IntArk i Sikt introduserer, og gir oss bakgrunnen for fellestenesta, dei overordna gevinstane det skal oppnå, og Sikt si rolle i sektoren. Den nye samstyringsmodellen blir også presentert. |
|
IntArk overordna |
Ca kl 09:45 |
|
Kva er IntArk? |
Kva er eigentleg IntArk? Vi går gjennom kvifor vi IntArk er satt opp som det er, kva det løyser, og gevinstane du kan få med det. |
|
Styringsreglane er ein av dei sentrale komponentane i IntArk. Dei står til og med som eit krav i tjenesteavtala. Vi går gjennom kvifor dei er satt opp som dei er, og tek ein gjennomgang av dei. |
|
|
Elementa i IntArk |
Ein gjennomgang av komponentane som IntArk består av. Både roller, funksjonar, prosesser, og overordna om dei tekniske komponentane. |
|
Integrasjonsmønster |
Gjennomgang av dei mest sentrale integrasjonsmønstera i IntArk. |
|
Brukerdokumentasjonen |
Gjennomgang av dokumentasjonen til IntArk. Vi gir deg eit innblikk i kva du kan finne kor. Til dømes har vi ein del rettleiarar for dei vanlegaste oppgåvene, til dømes korleis du går i gang med DFØ sine API |
|
Teknisk plattform |
Ca kl 11:10 |
|
Oversikt over den tekniske plattformen |
IntArk kjem med ein teknisk plattform som gir institusjonane verktøy for å oppnå gevinstane med IntArk. |
|
API manager og API gateway |
Bli kjend med det som er dagens API manager i IntArk: Gravitee. Vi gir ein guida tur gjennom den mest sentrale funksjonaliteten. Vi går også gjennom våre anbefalingar om korleis bruke dette verktøyet. Gjennomgang av blant anna: Korleis finne API. Enkel gjennomgang av oppretting, publisering, søking og tildeling. Korleis spørre og gi tilgang. API-katalog. Korleis bruke visning av grafer og logger. Gjennomgang av enkelt oppsett av Echo-API. |
| Samarbeid om API-oppsett | USN har i UH sak tatt initiativ til eit samarbeid om å sette opp UH sak sine API mest mulig likt mellom institusjonane. Øivind Skovborg fortel om dette. |
|
Meldingskø og -handtering |
Bli kjend med verktøya som brukast for hendingsbaserte provisjoneringar: RabbitMQ og sjølvbeteningsportalen Brom. Vi gir ein guida tur gjennom den mest sentrale funksjonaliteten, og våre anbefalingar om korleis bruke verktøya. Gjennomgang av blant anna: Korleis registrere ny kjelde. Korleis registrere konsument. Korleis sette opp meldingshandtering. Korleis feilsøke. Korleis overføre meldingar til eksterne. Når bruke Brom, og når bruke RMQ direkte? |
| Avsluttingsvis | Ca kl 13:30 |
| Vegen vidare | Nokre få ord om kva som er vegen vidare, med workshops blant anna. |
| Spørsmål | Vi set av tid til å svare på spørsmål. |