Retrospective for UAIT sprint 1

Oppsummering av retrospective-møtet til UAIT, 28. august 10-11.

Dette var vår første sprint, så det var forventa mykje prøving og feiling. Sprinten gjekk totalt sett overraskande bra og smertefritt. Vi traff også, overraskande nok, akkurat på estimatet vårt. Vi nådde akkurat å fullføre alle 8 user stories, med 30 story points.

Kva som var bra

  • Post-it-lappar fungerte bra. Var oversikteleg.
  • Git fungerte bra.
  • Vi var flinke til å estimere! (Eller var det flaks?)
  • Bra lengd på sprinten.
  • Er enklare å forklare eksterne kva vi held på med, og spesielt kvifor vi ikkje får gjort spesifikke ting, fordi det ikkje ligg i sprinten.
  • Enkelt å vite kva du skal gjere.
  • Enklare å spørre andre folk i det opne landskapet.
  • Meir effektivt/produktivt enn før.

Kva som kunne blitt gjort bedre

  • Burndown chart fungerte ikkje.
  • Teknisk gjeld beit oss for enkelte stories (Cerebrum).
  • Veldig masse småoppgaver som dukka opp og var utanfor sprinten!
  • For langt planleggingsmøte.

Forbedringar

Desse er ordna i prioritert rekkefølge, basert på tilbakemeldingar frå teamet:

  1. Bedre definisjon på tasks. Lappane til kvar task var mangelfulle, så var vanskeleg å ta enkelte lappar.
  2. Bedre definerte subtasks (jira). Subtasks inneholdt lite tekst, så det var usikker kva som var meint.
  3. På demo: For kvar story som skal visast fram: Gje først ein tydeleg presentasjon av oppgava, inkludert testkriterier. Sjekk etterpå om testkriteria vart oppfylde.
  4. Estimer tasks, og ikkje berre stories. Når vi det ikkje på planleggingsmøtet tek vi det i sprinten.
  5. Timebox standup-møta. Dei har sklidd litt ut. Det må vere tydeleg at standup er stoppa.
  6. Møt opp i tide til standup.
  7. Få linjer på scrumboardet, så stories og tasks ikkje flyt om ein annan.
  8. Ver strengare på at det er ein monolog på standup-møta.
  9. Legg til Jira-ID på kvar story og task.
  10. Avgrens planleggingsmøtet. Forrige vart for lenge. Vi begrenser oss berre til 4 timar neste gang, og vil ikkje sette opp eit nytt møte om vi ikkje vert ferdige.
  11. Tasks som vi ikkje når å gå gjennom på planleggingsmøtet, diskuterast og fyllast inn av enkeltpersonar i etterkant. SM går gjennom tasks med kvar enkelt.
  12. Skriv inn initialar på personen som tek ein lapp.
Av jokim
Publisert 28. aug. 2014 14:40 - Sist endret 28. aug. 2014 15:07