Retrospective for UAIT sprint 4

Oppsummering av retrospective-møtet til UAIT, 31. oktober kl 13:30-14:30.

Dette var vår fjerde sprint. Sprinten gjekk totalt sett bra, men litt turbulent, bl.a. grunna konferansen Smidig2014, som ikkje var planlagt lagt inn i sprinten, og som påvirka antal tilgjengelege story points ein god del.

Referat

Vi gjekk først gjennom kva som skjedde i løpet av sprinten, og stopa og diskuterte ulike hendingar som folk ønska å kommentere. Det førte til nokre ønsker:

  • Ikkje ha tekniske detaljar i stories. Det set begrensingar som ikkje alltid vert riktige. Dette dukka opp i nokre Digeks-stories, som gjorde at test-kriteria ikkje vart oppfylde, sidan det tekniske vart litt annleis enn det ein først trudde, sjølv om sjølve funksjonaliteten vart oppfyld.
  • Ha eigne, opne taskoppdelingsmøte, ved behov. Med opent meinast her at det er valfritt å delta, for dei som ønsker det og har tid.
  • Ønske om å ha Sprint Review seinare på dagen, for å unngå forsinkingar. Vi begynner med å ha oppmøte for UAIT kl 9, for forberedingar, så begynner Demo kl 09:30 og varer til 10:30.
  • Ønske om møterom med fleire inngangskanalar, så ein kan ha satt opp fleire maskiner samtidig, og på den måten unngå å bruke tid på å plugge om og sette opp skjermoppløysing etc.
  • Virtuelle demomaskiner var ein idé som dukka opp, og kunne gjort at alle kan bruke samme laptop for framvising, men logger seg deretter på eit ferdig oppsatt demomiljø, ferdig satt opp med tilgangar etc.

Done vs Resolved vs Closed

Vi diskuterte deretter konferansen Smidig2014, som fhl, jsama og hamar hadde deltatt på. Oppsummering av kva dei fortalte om på møtet:

  • Anbefalte keynotes frå begge dagane:
  • Opne møter: Møter som det er valfritt for folk å komme på. Til dømes dersom nokon ønsker å diskutere ein spesifikk detalj, så kan dei som er interesserte vere med, men dei som er mindre interesserte eller som ikkje har tid kan droppe det. Gir meir sjølvstyring av tida si. Folk i teamet var bra positive til dette, og er noko vi kan begynne med med ein gang. Ein må berre ha litt sjøljustis og passe på å ikkje bli med på for mykje så det går ut over sprinten.
  • Feature toggles: Ein måte å slå på ny funksjonalitet i kode for berre eit utplukk av brukarar, for på den måten å kunne teste ny funksjonalitet med mindre risiko. Er i staden for feature branches. Vart diskutert litt, og folk er positive, er noko liknande som vart gjort i Brukerinfo for trådløskonto.
  • Postmortems [1] og [2]: Ein kort beskrivelse etter feilfiksing, som forklarer korleis ein leitte etter feilen, kva ein oppdaga, og korleis ein løyste det. Eit kort, internt notat for intern opplæring av dei som ikkje var involvert i feilsøkinga. Folk virka positive til dette.
  • Definition of awesome: Å ha ein eigen definisjon av kva vi sjølv meiner er awesome.
  • Hackweak, for teambuilding: Sette av ei veke der ein tar ein eller fleire idear og prøver å utvikle ideen. Lausreve frå det vanlege arbeidet. Hjelper på teambuilding, og ideskaping. Teamet virka positive til dette, og Hans Kristian er positiv til det dersom teamet ber om det.
  • Squad Healt Check Model: Modell for å sjekke status for teamet. Ulike sjekkar, for å sjå kva delar som fungerer bra eller dårleg. Kan virke som noko vi kan ha nytte av, virker litt meir avansert enn "klokka" som Smidig utvikling i Posten brukte. Det kan bli litt byråkratisk dersom vi legg for mykje inn i kva som skal sjekkast, men gjort riktig vil vi kunne ha nytte av det.
  • Lean Coffee: Demokratiserte møter, der ein stemmer over om ein vil fortsette å diskutere eit tema eller gå til neste tema.

Jo lenka også til illustrasjonar:

 

Sjå også http://vimeo.com/smidig/videos for alle presentasjonar og diskusjonar frå konferansen.

Av jokim
Publisert 10. nov. 2014 15:33 - Sist endret 13. jan. 2023 12:32