Fokusområder
Det viktigaste vi ønsker å fokusere på i neste sprint:
- Teamet må holde bedre orden på lappar på tavla og holde Jira-saker oppdatert.
- PO/SM må sørge for at det alltid henger potensielle småtasks under Next på tavla. Dette i tilfelle tid til overs, men spesielt for deltidsansatte som ikkje nødvendigvis kan slenge seg på større saker mot slutten av sprinten.
- Teamet lager ein branch per story, og merger inn frå task. Gå ikkje heim med uinnsjekka kode.
- SM legg ut demo-plan heilt frå starten av i sprinten, så teamet kan skrive seg på
- Alle: bedre forberedt til standup og møte opp i tide. SM held lov og orden under standup.
Anna som også vart nemnd:
- Team har workshop for å bli kvitt gamle PRs som heng frå tidlegare.
- PO må redusere eksterne avhengigheter, og alle må mase på eksterne tidlegare i ein sprint.
- SM + Team markerer tydeleg eksterne dependencies på stories på planleggingsmøtet.
- PO/SM må invitere fleire til Sprint Review, og invitasjonen må inneholde informasjon om kva ein Review er for noko.
Agenda
- Runde rundt bordet om kva kvar enkelt meiner er viktig å nemne frå sprinten.
- Enkeltsaker som vart ønska å blit tatt opp:
- Kort om lengda på sprinten. Korleis fungerte to veker? Er for tidleg å sei noko sikkert etter berre ein sprint, men kva er følelsen?
- Eksterne dependencies. Kva meiner folk?
- Korleis gjekk det med task-oppdelinga denne gangen?
- Korleis gjekk det med fokusområda frå forrige retrospective:
- Å sjå over PRs innan 1 dag
- Konsistens mellom Jira, tavle og regneark.
- Små nok oppgaver for deltidsansatte
- Rekkefølge for sprint review
- Siste halvtimen av møtet:
- Går saman to og to og noterer konkrete endringar for neste sprint, på forma "Subjekt Verb Objekt", til dømes "Team må sjekke PR kvar dag".
- Prioriter lappane og heng på tavla. Fem lappar.
- Til slutt, samler alle foran tavla og prioriterer lappane.
Referat
Kva som kom opp i runden rundt bordet:
- Sprinten var litt spesiell i starten. Nokre stories hadde deadline første veka, og så var det eksterne dependencies i dei seinare, som då eigentleg måtte bli tatt tidleg. Vart litt rart, og vanskeleg å fikse på ein god måte.
- Litt kort med totalt sju effektive dagar. Kort tid til å fordele oppgavene, får då litt hastverk.
- Funka bra med task breakdown! Dette var litt ein konsekvens av kortare sprint, sidan vi fekk bedre tid til dette.
- Ønsker at vi er bedre forberedt på standups. Folk treng å vere litt klarare på førehand, så det vert meir effektivt og givande.
- Var interessant med kortare sprint. Folk er usikker på om er greit, er kanskje smak og behag.
- Hadde vore interessant å kunne måle effektiviteten til teamet i denne sprinten versus dei med tre veker.
- Likte at det var subtasks, men var vanskeleg å parallellisere dei. Det såg i alle fall ut til å hjelpe den som har storyen.
- Sakna småsaker, var vanskeleg å ta nokre spesielt mot slutten. Spesielt for Torkild og Jonas, sidan dei jobber deltid.
- Fint med subtasks, men bør bli flinkare. Det kan hende vi har gått for hardt inn og kanskje delt opp litt for mykje? Det er vanskeleg å dele opp i tasks.
- Forslag: Kva om vi har ein branch per hovudtask, og så merger inn til storyen sin branch?
- Kanskje vurdere å endre tasks undervegs i sprinten. Teamet står fritt til å endre tasks så mykje ein vil, det er berre storyen som ikkje kan endrast.
- Ønske om å bruke Jira meir aggresivt, for å fjerne avhengigheten av enkeltpersonar. Andre kan då sjå kva som har blitt gjort, og enklare ta over saka om det skulle dukke opp noko som forhindrer første personen.
Sprintlengda, kva syns folk om at vi no endra til to veker?
- Nokre syns det funka fint, andre meinte det gjekk greit og var meir komfortabel med tre veker.
- Det var jo eit nødvendig onde grunna juleferien, men har jo gått greit.
- Vil kanskje hjelpe oss å jobbe effektivt, sidan deadline følast så mykje nærare enn med tre veker.
- Vil vere vanskeleg med store oppgaver i tovekers sprintar, får kanskje ikkje plass i sprinten.
- Kva med ein hybridløysing, der vi nokon ganger har det over to og andre over tre veker? Vanilla scrum seier at det er best å ha fast lengd for at folk kjem inn i rytmen, men det er jo opp til kva teamet sjølv ønsker.
- For deltidsansatte gjer kortarte sprint at meir tid går til møter. Vert kanskje også enklare å dytte inn småsaker i lengre sprintar. No var ein del tasks veldig relatert til kvarandre.
- Denne sprinten var uansett annleis enn dei til no, så det er vanskeleg å samanlikne. Vi hadde ikkje berre eitt stort prosjekt i sprinten, men mange småoppgaver.
Eksterne dependencies:
- Er spesielt vanskeleg å kombinere mange eksterne dep. med ein kort sprint.
- Krevde at ein må dytte veldig på eksterne folk, td. mase og stresse konsulent.
- Var også mangelfull kommunikasjon, både hos oss og andre, som gjorde det verre.
- I utgangspunktet skulle alle desse avhengighetene vere klare før sprinten, men vart mange rundar fordi miljøet ikkje var som vi trudde det skulle.
- Vi ønsker å unngå slike dependencies.
- Forslag om ein person som har "ansvaret" for kommunikasjonen. Teamet virka positive til å gjere det slik.
- Forslag om å registrere tydeleg eksterne dependencies på kvar story, til dømes med ein raud tusj. Folk virka positive.
- Forslag om milestensplan for sprinten - kva må utførast i kva rekkefølge.
Frå forrige retrospective:
- Vi skulle bli flinkare på å sjå over PRs dagleg: I denne sprinten gjekk det bedre, folk fekk svar etter 1-2 dagar. Vi har riktignok mange gamle PRs att frå før vi starta med Scrum, heilt frå juni - teamet ønska å samle folk og bli kvitt desse? Forslag om workshop for dette, i morgon.
- Passe bedre på å vere i synk med Jira: Var ikkje heilt i synk i denne sprinten. Folk gløymer. Ein stor skjerm med jira-boardet vil nok fort hjelpe for dette, sidan det då er synleg. Har likevel vore bedre enn forrige sprint.
- Det er framleis ikkje små nok oppgaver for deltidsansatte. Story om Passnummer i Personreg var grei, men burde vore fleire slike saker.
- Forslag om å ha ein bunke med småsaker som kan plukkast. Next burde alltid ha ein del småsaker, som spesielt deltidsansatte kan ta.
Deltidsansatte vurderte også korleis dei ønska å jobbe - skulle dei vore utanfor sprinten og heller tatt småsaker og heller bistått der dei kan, eller skal vi få inn småsaker i sprinten? Dei følte at dei ikkje ga noko utslag på velocityen.