Retrospect 7

Retrospective for UAIT, sprint 7, siste sprinten for 2014.

Sidan folk har tatt juleferie, var det berre Jo, Jonas, Hans Kristian og Joakim som var att. Vi tok difor berre ein kort prat rett etter Sprint Review for å lufte tankane i staden for ein skikkeleg retrospect.

Kva som kom opp:

  • Nokre saker er litt vanskelege å demonstrere. Kanskje vi burde hatt før-og-etter-bilder for å gjere det meir forståeleg for folk.
  • Sprinten var litt spesiell, ved at fleire ikkje deltok gjennom heile sprinten. Ein del saker vart difor løyst av utviklarar, og demonstrert av andre. Tilbakemeldinga var at dette hadde gått greit. Hadde fått skjermbilder og output å demonstrere, men savna litt bedre forklaringar til kva demonstreringa gjaldt.
  • Lengda på sprinten: Var to veker denne gangen også, grunna juleferien. Kva syns folk? Vi har lite grunnlag, sidan sprinten var uansett litt uvanleg, men folker meir fan av ei lengd på tre veker, så vert det mindre overhead med møter.
    • Med to veker får vi også kortare tid til å løyse eksterne avhengigheter.
  • I denne sprint reviewen vart det meir diskusjon blant publikum. Vi ønsker ein dialog så vi får tilbakemeldingar på kva som er blitt gjort, så det er bra, men noko av diskusjonen gjekk på andre ting enn produktet, og som teamet ikkje har noko med. Om vi hadde hatt dårleg tid må SM vere streng og stoppe slikt.
  • Vi vart einige om å lage eigen Bugs-område på tavla, for bugs som kan takast. Slikt går ikkje under Next, sidan det ikkje skal demonstrerast.
  • Kom innspel om workshop for å fikse Cerebrum-bugs - folk var positive. Vi tek det opp i tenestegruppa, og bestiller av hanskfje og elisabhs.
Publisert 19. des. 2014 11:50 - Sist endret 13. jan. 2023 12:32