Tema
Forslaga til tema som var tatt opp:
- Kompetansetimen
- Bestiller- og brukerinvolvering
Kompetansetimen
Motivasjon: motivere til egenutvikling. Nettskjema set av ein eigen time der gruppa, evt. seksjonen, ikkje skal ha møter eller noko anna, så teamet kan styre seg sjølv. Utviklarane kan då bruke til td. å sjå på videoar frå konferansar. Anarki, ingen struktur, så er fritt fram for alle.
Begynner i det små, med seksjonen først. Er vanskeleg å finne eit felles tidspunkt for alle.
Snakka om dette opp mot labdagen, sidan den er meint å vere ein pausedag der utviklarane forbedrer seg, inkludert eigenutvikling. Nettskjema har ikkje nødvendigvis så god tid til å bruke labdagen til eigenutvikling, då den har måtte bli brukt til å pusse på backloggen.
Kaj kjem tilbake seinare med resultatet av forsøket.
Bestiller- og brukerinvolvering
Etter Scrum skal ein involvere brukarane, og oppfordrer til dialog foran spesifikasjon. I UAIT har ein gjerne mykje teknisk backend som brukarar/bestillarar gjerne ikkje har, eller ønsker, å vite så mykje om. Korleis involvere bestillarar/brukarar på ein god måte?
Vart snakka om korleis dei ulike teama involverer brukarar. Ser ut til at det gjerast veldig ulikt. I Nettskjema har ein eigne møter med bestillarane, med PO, ein designer og ein utviklar. Bestillar er ikkje ein gang med på Sprint Review, men får demonstrert løysinga på eigne møter. Dette gjerast for å skåne utviklarane og unngå misforståingar, sidan miljøa snakker ulike språk. I dei eigne møta med bestillar har ein nesten funksjon som tolk. Andre team prøver å involvere brukarar, men som ikkje fungerer optimalt i dag.
Kom også innpå å snakke om Sprint Planning generelt, om korleis Nettskjema strukturerer møtet for å gjere det effektiv. Følast unødvendig å samle alle for å diskutere noko berre enkelte skal jobbe med eller har interesse for.
Evaluering av møtet
Folk var positive til å ha nytt møte. Formatet virker greit, sjølv om vi kunne hatt bedre tema for møtet.
Joakim kaller inn til nytt møte om 1.5 månad. Oppforder folk til å komme med forslag til tema til neste gang.
Forslag til neste møte
- Daily Scrum: Korleis få holdt det med folk som jobber aleine på eit prosjekt? Dei møter då gjerne ikkje opp, sidan dei ikkje ser nytten av det.
- Sprint Planning: Går mykje tid til å planlegge sprinten. Korleis holde fokus?