Oppsummering frå BetterUserStories

Etter å ha gått gjennom heile BetterUserStories-kurset er det tid for ei oppsummering.

Mål for møtet: Bli enige om plan for kva vi vil ta i bruk frå kurset.

Tilstades

  • jsama
  • fhl
  • tvl
  • kvaade
  • estephaz
  • hanskfje
  • elisabhs
  • jokim (ref)
  • sgs
  • hamar
  • tgk
  • jbr
Innholdsfortegnelse

Sak 1: Oppsummering

  • Kva har vi lærd?
  • Kva ønsker vi å ta med vidare?
  • Var kurset nyttig? Kunne vi gjort noko slikt igjen?

Diskusjon

Tok ein runde rundt bordet. Poeng som vart diskutert:

  • Fungerte ikkje optimalt med video kvar for seg, vi vart ute av synk så vi fekk ikkje diskutert fortløpande. Bør gjere det annleis til ein neste gang, eller ta andre grep.
  • eValg hadde blitt bedre hadde vi hatt kurset før vi starta prosjektet.
  • Ikkje sikkert at vi er ferdige no. Kan gå i ny felle etter oppryddinga no.
  • Poenget med Just In Time (JIT) virka nyttig - vi går ofte for djupt ned i detaljar for tidleg.
  • Mykje i kurset er sjølvsagt. Uenighet i gruppa om dette. Nokre meinte vi ikkje har lærd så mykje nytt, andre meiner at det har gjort metodikken tydelegare.
  • Ser at vi må jobbe meir med stories. Må likevel ikkje jobbe for mykje med dei, poenget er godt nok.
  • Estimata våre er gjerne ute av kurs fordi stories ikkje er laga/bearbeidd av teamet.

Oppsummert

Kurset var nyttig, men bør koordinerast bedre neste gang.

Vi har lærd litt nytt, men ein del av det var sjølvsagt. Kurset kunne godt vore meir kompakt - mindre chitchat.

Sak 2: Kva ønsker vi ta med oss vidare?

Heng opp lappar, prioriterer dei etter kva vi ønsker ta i bruk. Både forslag og diskusjonspunkt.

Diskusjon

Vi nådde ikkje anna enn å berre nemne ting vi ønsker å ta med oss vidare:

  • Test ut Rolledefinisjon
  • Test ut Story mapping i workshop
  • Ta i bruk INVEST
  • Ta i bruk SPIDR
  • Kanskje ta i bruk Conditions of Satisfaction (CoS)

Det var masse nytt, så litt uoversikteleg her og no.

Oppfølging

Bør ha meir diskusjonar. Joakim tek det opp i sprintar framover.

Sak 3: Plan for viktigaste

Diskuterer dei høgst prioriterte lappane.

Nådde ikkje dette.

Eventuelt

 

Publisert 14. juni 2017 14:00 - Sist endret 31. aug. 2017 15:27