INT Sprint Retrospective 2017-13

Vi ser tilbake på INT Sprint 2017-13

Tilstades

jbr, jsama, kv, estephaz, jokim, elisabhs, fhl, einargj, hanskfje, tgk, tvl, hbf, hamar, sgs, mathiasm, raymonm, pehaavin

Runde rundt bordet

Vi mimrer rundt bordet:

  • Generelt positivt med større team.
  • For kort tid på Sprint Review. Nådde ikkje vise alt. For lite når vi er både INT og KIA.
    • Ønskeleg å sette av for mykje heller enn for lite.
    • Historisk har INT kutta ned tida for å tvinge inn effektiv demo.
  • Mange store stories gjorde at når dei først var tatt, vart det vanskeleg å ta noko sak. KIA fekk problem når det berre var CRB-saker att, og INT hadde dei større APIM-saken.
  • KIA-ukevakt er trukke ut av sprinten, men deltar likevel. Ukevakta føler seg som ein unnasluntrer, sidan ein likevel sit på saker i sprinten. Bør ein delta i sprinten eller ikkje?
    • Planar om å sjå på vaktopplegget i KIA på slutten av året.
  • Oppfordrer alle til å kommentere i jira-saka kva som er gjort når den er ferdig.
    • For det som gjeld kode/konfig: Bruk Jira-saksnummer i commit-meldingar, også i konfig-repo, så lenkast det automatisk opp i jira-saka. Gjeld alle repos i bitbucket.
  • Ein del vanskelege stories i denne sprinten. Både i beskriving og i føringar/detaljnivå.
    • Snubler gjerne i estimeringa
    • Bør heller i Sprint Planning fokusere meir på ei kvalitativ gjetting på kor mange stories vi får plass til, heller enn at tala skal gå opp

Lappar

  1. Cerebrum driftsverktøy/driftsmiljø (10 stemmer): Vi har masse smårot som skaper hindringar i driftinga/utviklinga/prodsettinga av både Cerebrum, personreg og andre av produkta våre. Ønskeleg å få rydda opp i mykje av dette, for å gjere arbeidet vår lettare.
    • AI: jokim + fhl forbereder workshop for å skrive stories som irriterer
    • AI: jokim lager story av det som kom opp i møtet. fhl ser over
    • AI: jbr lager stories for det som irriterer han
    • AI: alle lager stories for det som irriterer dei
  2. Samarbeid på issues, KIA + INT (5 stemmer): Korleis samarbeide best mogeleg med det vi gjer framover?
    • AI: På neste Sprint Planning: Lager eigne prodsettingsstories. Tydelegare at driftarane er ansvarlege for sakene.
    • AI: KIA eig alle APIM-saker i neste sprint
    • AI: jbr lager passande småstories for MongoDB
  3. Få opp eige CI-milijø som vi selv har full kontroll over (gitlab!) (4 stemmer): USIT sin felles jenkins funker ikkje for vårt formål. Vi set opp vår eigen, og kan då liksågodt sette opp noko som passer oss bedre, og er enklare å drifte.
    • AI: tgk sender ut info om CI-løysingar (gitlab blant anna) til INT og KIA sine e-postlister, så folk får litt bedre innsikt i kva det dreier seg om.
    • AI: tgk og jbr ser på bamboo, for å finne ut om det er ei ok løysing

Nådde ikkje diskutere:

  1. Droppe fokusfaktor (3)
  2. Bedre forbered Review (2)
  3. Tydelegare timeboksing (2)
  4. Like regler for Daily Scrum, KIA + INT (2)
  5. Lengre Sprint Review (2)
Publisert 10. nov. 2017 15:26 - Sist endret 10. nov. 2017 15:26