INT Sprint Retrospective 2017-15

Vi ser tilbake på INT Sprint 2017-15

Tilstades

jbr, jsama, kv, estephaz, jokim, elisabhs, fhl, hanskfje, tgk, tvl, hbf, hamar, sgs, mathiasm, raymonm, pehaavin

Action Items for starten av 2018

  • SM booker 1307 og 1308 alle arbeidsdagar kl 10-11, for å kunne bruke det til diskusjonar, teknisk gjennomgang og avklaringar
  • SM set opp "meeting board", for å henge opp lappar for alle diskusjonsbehov som dukker opp i løpet av Daily Scrum

Runde rundt bordet

  • Vi treng tydelegare kommunkasjon
  • Prøv å skriv meir ting inn i jira
    • nokon bør skrive inn konklusjonar undervegs i jira, i løpet av plannning
    • folk bør skrive opp detaljar/konklusjonar rett etter standup
  • Det går for sakte
  • Var store saker denne gangen, men meir oppsplitta i subtasks enn før. Opplevast vanskeleg å forholde seg til subtasks. går bl.a. ikkje gjennom subtasks på standup - dei er mindre synlege.
    • Vi bør diskutere meir bruk av subtasks.
  • Dette var ein trøblete sprint. Virker som at mykje er grunna mangel i kommunikasjon
  • Diskuterte eigarskap av det vi gjer. Tar vi eigentleg eigarskap?
  • Vi var nok ein god del for overoptimistiske i kor lang tid det tek å sette opp heilt ny teneste, som skal funke for UiO, med mål om BOTT, og så evt UH.
  • Har vore utydeleg at, og kor, avgjersler har blitt tatt. Ikkje alltid slikt skrivast ned i smidig, sidan teamet sjølvstyrast, men då er det meir krav til god kommunikasjon!
  • Vi snakker litt forbi kvarandre, td. på standup. Ikkje alltid alle eigentleg skjønner alt som blir sagt.
  • Vi bør ha mindre fokus på standup på at ting er vanskeleg, men meir på fokus på korleis løyse det.
  • Samtidig følast drift meir framoverlente, og har fått høgare puls på slutten av sprinten. Var vilje til å få det til, om enn kanskje litt for seint.

Lean coffee

  1. Bedre kommunikasjon - hvordan sikre at avgjørelser kommuniserer og dokumenteres? (9 stemmer)
    • AI: SM booker 1307 og 1308 alle arbeidsdagar kl 10-11, for å kunne bruke det til diskusjonar, teknisk gjennomgang, avklaringar og andre tekniske møter
    • AI: SM set opp "meeting board", for å henge opp lappar for alle diskusjonsbehov som dukker opp i løpet av Daily Scrum
    • Plag folk! Det er lov å spørre og kommunisere - dette er eit samarbeid.
    • Gå meir til PO med spørsmål

Nådde ikkje diskutere:

  1. Kjøkkenrot - veien videre? (5 stemmer)
  2. Gode brukerhistorier versus korte og få møter (4 stemmer)
  3. Mer fokus på QA/PR (4 stemmer)
  4. Subtasking - f.eks. grensegang story/subtask/epic/story (3 stemmer)
  5. Standup-diktator: Er det for mye prat på standup? "Du har snakket nok nå. Neste!" (3 stemmer)
  6. Legg vannrør til 1307 for lettere kaffetilbereding (2 stemmer)
  7. Prioritering av bøggs (1 stemme)
  8. Komplekse sprinter - burde det vært en tydeligere koordinator? (1 stemme)
  9. Ikke svart tekst på hvit bakgrunn (1 stemme)
  10. Bruk "utfordringer" til å få avklaringer og fortgang i eksterne bestillinger - bruk de med kontakter oppover, og med spisse albuer, for det de er verd!
  11. Metodikken vår videre. Scrum? Smidig?

 

Publisert 21. des. 2017 15:09 - Sist endret 22. des. 2017 10:01