UiO sin URN-oversikt

Korleis UiO bruker sitt URN-område under MACE.

Innholdsfortegnelse

Kva er URN

URN er ein standardisert syntaks for å kunne lage globale identifikatorar. MACE (Middleware Architecture Committee for Education), eit globalt edu-samarbeid, har utvida dette med eit format for globale, persistente identifikatorar, inkludert eigarskap. UiO har eigarskap til alt som ligg under:

urn:mace:uio.no

Feide har også delegert eigarskap til UiO for eit subsett under sitt domene:

urn:mace:feide.no:uio.no

Vi foretrekker å bruke førstnemnde, sidan den gir kortare URN.

Sjå også Feide sin URN-oversikt for UH-sektoren. Sjå også MACE sin spesifikasjon, RFC3613.

Namnerom

Grupper

Referanser til UiO sine grupper. Alle grupper skal kunne refererast til på formatet:

urn:mace:uio.no:groups:GRUPPENAMN

Gruppenamnet må følge krava i URN-formatet.

UiO sine grupper styrast i dag av Cerebrum, som då er kjelda for desse. Desse kan til dømes refererast til i person-objekt i Feide, i attributtet eduPersonEntitlement.

Merk: Dette er ikkje implementert endå, sjå utviklarsak CRB-3725 for status.

Roller

Referanser til UiO sine roller, som kan tilknyttast personar. Dette kan til dømes brukast i Feide, i attributtet eduPersonEntitlement.

Roller kan ha ulike scopes, som krever ulike format:

Referanse til ei generell, UiO-global rolle:

urn:mace:uio.no:roles:ROLLENAMN

Referanse til ei rolle med avgrensing:

urn:mace:uio.no:roles:ROLLENAMN:TARGETTYPE:TARGET

Targettype kan i dag berre vere av typen "OU", men vil kunne utvidast til til dømes studieprogram, kull, emner, arkivsteder og kostnadssteder. Enhet (OU) refererast til sitt globalt unike kortnamn. Eit døme: urn:mace:uio.no:roles:ansatt:OU:mn-ifi.

Tenester

Referanser til innhald i enkelte av UiOs tjenester kan få sitt eige URN-subsett. Dei får då formatet:

urn:mace:uio.no:TENESTE

Tenesta styrer sjølv kva dei vil legge i subsettet.

Registrerte tenester:

  • eValg: urn:mace:uio.no:evalg. Bruker URN for personar sine roller, til dømes urn:mace:uio.no:evalg:valgadministrator.
  • MineStudier: urn:mace:uio.no:minestudier
Publisert 3. aug. 2021 10:50 - Sist endret 3. mars 2022 23:24