Brukerhistorier for vidareutvikling av NTNU OrgReg

Kva vi ønsker gjort av vidareutvikling av OrgReg, for at den skal oppfylle UiO sine behov for eit organisasjonsregister.

Vi har gruppert brukarhistoriene utfrå når vi treng at dei er på plass, med tanke på BOTT:ØL. Vi ønsker at endringar kjem på plass fortløpande, så det er klart for utviklarane av BOTT:ØL-relaterte integrasjonar raskast mogeleg.

Pre-MVP

Trengs så raskt som mogeleg, helst i oktober, så utviklarane kan begynne å forholde seg til OrgReg.

Testmiljø

  • Som BOTT-INT-utviklar treng eg tilgang til eit testmiljø av OrgReg, der eg kan snakke med API-et, samt redigere alle data som admin. Dette så eg kan bli ferdigstille integrasjonane som er nødvendig for BOTT:ØL så tidleg som mogeleg.
    • I dialog med NTNU har vi kome fram til API-et truleg vert uendra, med unntak av at det må leggast til enkelte attributtar.

Hardkoda nøklar

  • Som BOTT-INT-utviklar vil eg ha hardkoda inn nøklar som skal brukast av integrasjonar, til dømes «historisk stedkode», i testmiljøet. Dette for å kunne utvikle integrasjonar før OrgReg er i prod for UiO, sidan BOTT:ØL er tidskritisk. Sjå oversikt over attributtane. (Dette er altså eit ønske om eit midlertidig hack, så utviklarane ikkje treng å vente til etter 1. desember med å starte).

MVP v1

Vi treng dette seinast 1. desember 2020, men helst før. Vi diskuterer gjerne å dele dei opp meir, og utsette delar av det, for å halde oss innanfor tidsfristen.

Støtte valideringsreglar per institusjon:
Som forvaltar på UiO ønsker eg at OrgReg har mulighet for eigne valideringsreglar for UiO. Dette så UiO kan bruke OrgReg for sine behov, med eigne attributtar og andre krav til input.

Sett opp nøklar for UiO:
Som forvaltar på UiO treng eg at OrgReg har eigne felt for nøklar for SAP, UBW og FS, slik at eg kan legge inn nøklane og dei kan bli brukt av integrasjonane.

Sett opp valideringsreglar for UiO:
Som forvaltar på UiO ønsker eg at OrgReg er satt opp med nye felt og valideringsreglar, utfrå UiO sine attributtar. Dette så UiO kan bruke OrgReg som organiseringsregister, og kan begynne å integrere med andre løysingar, til dømes Cerebrum (BAS) og Vortex (personpresentasjonar på nett).

MVP v2

Vi treng dette seinast 1. desember 2020, men helst før. Vi diskuterer gjerne å dele dei opp meir.

Melding om ny enhet:
Som BOTT-INT-utviklar treng eg at OrgReg sender ut IntArk-notifikasjon når attributtar for ein organisasjonsenheter oppdaterast. Dette så tenester kan lytte på endringar, og hente inn ny enheter i sitt system.

TODO: Trengs detaljar om format på notifikasjon, og kva vi treng av innhald?

Melding om oppdatert enhet:
Som BOTT-INT-utviklar treng eg at OrgReg sender ut IntArk-notifikasjon når ein ny organisasjonsenhet opprettast i OrgReg. Dette så tenester kan lytte på endringar, og oppdatere sine enheter fortløpande.

TODO: Trengs detaljar om format på notifikasjon, og kva vi treng av innhald?

Prodmiljø:
Som Cerebrum-utviklar treng eg at OrgReg er satt opp i prod for UiO, slik at UiO kan begynne å ta i bruk ny løysing og verifisere at alt fungerer.

Post-MVP v1

Dette kan komme etter 1. desember, sidan det ikkje påvirker BOTT:ØL direkte.

Nye organisasjonsenheter frå DFØ SAP:
Som forvaltar på UiO ønsker eg at OrgReg automatisk oppretter nye organisasjonsenheter når DFØ SAP sender notifikasjon om nyoppretta orgenhet i SAP. Dette så eg slepp å dobbeltregistrere OU-ar, og DFØ SAP er kjledesystem for organisasjonsenheter (OrgReg er kjeldesystem for enkelte attributtar, samt relasjonane).

IntArk-tekniske detaljar: Ideelt sett bør det gjerast internt i OrgReg, alternativt av ei mikroteneste utanfor:

Lytte til utvalde notifikasjoner fra DFØ SAP

Lese inn organisasjonsenheter fra DFØ SAP sitt API

Opprette nye enheter i OrgReg basert på data fra SAP

Oppdatere attributter for en enhet, basert på data fra SAP

Dersom det er enkelt, ønsker vi også å vurdere integrasjon med SAPUiO i påvente av DFØ SAP, sidan dei er ganske like i oppførsel. Dette for å teste integrasjonen før overgangen til DFØ, men ikkje så viktig dersom det er kostbart eller kjem seint.

Nye enheter bør kanskje starte som skjult, sidan vi mest sannsynleg må registrere knytting mot «gammel stedkode» og anna før den kan publiserast.

Oppdaterte organisasjonsdata frå DFØ SAP:
Som forvaltar på UiO ønsker eg at OrgReg automatisk oppdaterer utvalde felt utfrå endringar på organisasjonsenheter i DFØ SAP. Dette så eg slepp å dobbeltregistrere OU-ar, og fordi DFØ SAP er kjeldesystem for enkelte attributtar.

Nice to have

Funksjonalitet som er ønskeleg, og gir meirverdi, men er ikke kritisk for overgangen til DFØ eller for den lokale forvaltinga.

Distribuert redigering:
Som forvaltar ønsker eg å kunne gje andre personar/grupper tilgang til å redigere enkelte attributtar på gitte enheter, og eventuelt underenheter. Dette så eg kan distribuere ut administrasjonen til kvart fakultet, til dømes adresser og kontaktinfo, og med det redusere administrasjonskostnadene.

Redigere online:
Som forvaltar ønsker eg å kunne redigere attributtar direkte i web-grensesnittet, så eg slepp å måtte ta vegen via regnearket.

Datostyrde felt:
Som forvaltar ønsker eg å kunne sette start- og slutt-dato på alle endringar på attributtar, slik som i SAP. Dette så eg har meir kontroll på når endringar trer i kraft.

Integrasjon med Felles Studentsystem:
Som forvaltar ønsker eg kanskje at OrgReg henter oppdaterte data som FS er kjeldesystem for automatisk, slik at eg slepp å dobbeltregistrere dette.

Integrasjon med UBW:
Som forvaltar ønsker eg kanskje at OrgReg henter oppdaterte data om kostnadssteder frå UBW automatisk, sidan UBW er kjeldesystemet for desse.

Framtidige notifikasjonar:
Som BOTT-INT-utviklar ønsker eg at OrgReg sender ut IntArk-notifikasjonar på nytt ved tidspunktet for når endringa trer i kraft. Til dømes ein notifikasjon om ein ny enhet på same dag som startdatoen til enheten. Dette så kvar enkelt konsument slepp å måtte ta vare på notifikasjonar fram til tidspunktet dei skal tre i kraft – enklare integrasjonar.

Publisert 16. okt. 2020 10:03 - Sist endret 16. okt. 2020 10:23