Vidareutvikling av eValg

Prosjektet skal utvikle ei heilt ny eValg-løysing - eValg3.

Status: valg.uio.no vart oppgradert til ny løysing desember 2019, etter pilotering hausten 2019. Prosjektet er avsluttet.

Bakgrunn

UiO har sidan 2006 gjennomført UiO-val, for tilsette og studentar, i valsystemet eValg. Systemet har ikkje blitt vidareutvikla sidan det vart introdusert, og det er behov for å modernisere og forbedre tenesta. Mykje har endra seg på 10 år.

Prosjektet har fått 2 450 000,- frå SKAIT for å vidareutvikle eValg. Første søknad [PDF] innvilga 25.04.16, andre søknad [DOCX] innvilga 20.12.17.


Prosjektstart: November 2016 (i pause 2017 - 2018)

Prosjektslutt: Desember 2019


Formål

eValg har nokre utfordringar som prosjektet skal adressere:

  • Tungvint og lite tilgjengeleg brukargrensesnitt.
  • Tidkrevande og til dels manuell prosess for å gjennomføre val.

Resultatmål og leveranse

  • Moderne og mobiltilpassa brukargrensesnitt for veljarar.
  • Moderne brukargrensesnitt for valadministratorar.
  • Meir automatisering og sjølvbetening ved gjennomføring av val.
  • Enklare oppteljing av val (oppteljinga flyttast inn i nettapplikasjonen).
  • Enklare handtering av manntal (integrasjon med andre system, automatisering).

Utviklinga utførast av INT.

Status

Konsept Planlegge Gjennomføre Avslutte Realisere
Godkjend Godkjend … M7 M8 M9 M10 M11    
                   
Publisert 5. sep. 2016 09:36 - Sist endret 21. nov. 2024 22:20