Spørsmål til DSS rundt ERP og tilgangsstyring

Eit utgangspunkt for kva vi er interessert i å høyre med DSS om, i møte med dei 28. september 2016.

Bakgrunn

UiB, UiO, NTNU og UiT har gått saman for å kjøpe ei ny, felles ERP-løysing. Prosjektet er no inne i fasen for å lage anbudsdokument, og vi jobber med å beskrive kva leverandørar bør beskrive. I prat med Bjørn Egil Haugen fekk vi høyre at DSS er i omtrent samme prosessen, og vi er difor interesserte i å høyre om DSS sine erfaringar og kva ein har kome fram til rundt ERP.

Spørsmål

Vi er interesserte i å høyre kva DSS har å sei, men vi er spesielt interesserte i nokre tema som er lista opp nedanfor.

Overordna løysing

For å kunne samanlikne oss med DSS, er vi interessert i å høyre om den overordna løysinga, det store bildet, kva som var utgangspunktet for løysinga og kva føringar DSS har.

  • Kva løysing ser DSS for seg? Er tanken å berre kjøpe ei teneste, eller spesifiserer ein for framtida? Kor langsiktig er løysinga meint å vere?
  • Korleis er miljøet som skal bruke ERP-løysinga? Heterogent eller homogent? Har alle departementa/enheter sine heilt eigne ERP-instansar? Universiteta er veldig heterogene, og det er ønskeleg å desentralisere mykje.
  • Er det noko som ikkje er tenkt ligge i ERP? Prosjekter? Kontorer? Bilagslønna?
  • Kva begrensingar/føringar har DSS, som det kan vere greit for oss å vite om? Ligg det til dømes ei føring i at DFØ skal vere leverandør?
  • Tankar rundt masterdata? Har de godt forankra kva system som eig kva data? Ligg alt av masterdata i ERP, eller har de også andre støttesystem?

IT-BOTT har definert nokre overordna prosessar:

Liknar dette omtrent på det DSS ser for seg?

Tilgangsstyring

I vårt prosjekt har vi skild ut tilgangsstyring som noko ei eiga, teknisk gruppe fokuserer på, då ei ny ERP-løysing kan gje ei meir effektiv tilgangsstyring. Vi ser for oss besparingar i bruk av ressursar og auka sikkerhet. Kva har DSS sett for seg rundt tilgangsstyring, både generelt og i samanheng med ERP?

  • Korleis heng ERP saman med IAM? Kor ligg tilgangsstyringa?
  • Vi ser for oss at roller kan løyse delar av tilgangsstyringa. Kva definerer DSS som ei "rolle", og korleis er dei tenkt brukt?
  • Kor distribuerte eller sentraliserte er tilgangar? Kva kan lokale enheter gjere, versus kva må ein sentral administrasjon gjere?
  • Ser DSS for seg bruk av ABAC?
  • Kva bruker de som IAM? Kva integrasjonsgrensesnitt bruker de?
  • Kva data frå ERP er tenkt brukt for tilgangsstyring?
  • Kva gjer de med admin-roller, td for root? Kor er desse plasserte?
  • Bruker de ERP-løysinga for initiering av brukarkontoar? Kor heilautomatisk skal systemet bli?
  • Kva gjer de med personar utan fødselsnummer?

Integrasjonsmessig

Hos oss har integrasjonar ein del fokus, sidan vi ser for oss at ERP-løysinga må kunne snakke med mange andre IT-tenester, og at informasjonen som ligg i ERP skal kunne gjenbrukast mest mogeleg. Dessutan er tenesteorientering eit av dei overordna prinsippa. Kva ser DSS for seg, integrasjonsmessig?

  • Kva integrasjonspunkt har de spesifisert?
  • Korleis skal data overførast?
  • Har de sett meir spesifikt på overføringa til datavarehus?
  • Har de sett på spesifikke protokollar?
  • Har de sett for dykk bruk av meldingskø i integrasjonane?
  • Vi ser for oss at alle tenester skal kunne integrerast så sluttbrukarane berre treng å forholde seg til ei felles arbeidsflate. Altså ei nettside som integrerer med forskjellige IT-tenester, for eksempel arkiv og ymse ERP-tenester. Kva har DSS tenkt rundt dette?

Implementasjon

Det er for tidleg å snakke om implementasjon, men dersom vi ender opp med mykje av det samme, kan det vere ønskeleg med eit seinare møte for å høyre litt om fleire erfaringar.

Av jokim, einagj, kje
Publisert 20. sep. 2016 23:17 - Sist endret 22. sep. 2016 18:36