1 Bestilling
Fredrik, Robert og Joakim har hatt ei arbeidsgruppe for å klargjere stories og plan for å nå målet om å få Cerebrum til å bruke Unicode-objekt internt. Arbeidet skal i utgangspunktet utførast i løpet av dei seks første vekene i 2018.
2 Overordna plan
Dette arbeidet er ein svær, tilnærma atomisk (compound) operasjon, utan direkte verdi for sluttbrukar. Det er difor meir effektivt å ikkje følge vår Scrum-metodikk fullt ut.
2.1 Teknisk nivå
- Vi utvikler mot ein eigen branch, unicode-master. Vi får ikkje merga denne i master og prodsatt før vi har oppdatert all kjernefunksjonalitet.
- Vi set opp eit eige Unicode-testmiljø, som liknar prod mest mogleg. Her tester vi at alle importar og eksportar fungerer, og fikser feil når dei dukker opp. Litt arbeid å sette opp, men tener på det i lengda - færre bøggs i prod. (Bør ha slikt fast for alle store ting vi gjer - kanskje også ved overgang til BOTT-Cerebrum?).
2.2 Metodisk nivå
Eigentleg har vi berre ein story/epic (eller mål) for perioden: Få Cerebrum til å bruke Unicode-objekt internt. Vi deler denne opp i tasks, men desse er rettesnorer for arbeidet - dette fordi alt arbeid heng saman med alt anna, så det må bli meir opp til utviklarane å fikse kvar del av elefanten etter det som passer best der og då.
Vi deler opp perioden i tre iterasjonar, kvar på to veker:
- Mål for første iterasjon: Få kontroll og oversikt over arbeidet, og lage bedre tasks for dei neste iterasjonane.
- Andre iterasjon fokuserer på å få unicodifisert kjernefunksjonaliteten, og lage bedre tasks for siste iterasjon.
- Tredje iterasjon har som mål å prodsette ny, unicodifisert Cerebrum hos alle instansar. Veldig usikkert om vi når dette på avsatt tid.
Vi må forvente at ein del bøggs dukker opp etter prodsetting, og bør difor sette av litt tid i sprinten etterpå.
Iterasjonane vert meir lettvekt enn fullverdige sprintar. Vi har standup og retrospective som vanleg, men planleggingsmøta er på ein time, sidan definerte tasks er rettesnorer. Review har lite verdi før prodsettinga, sidan vi ikkje har noko å vise fram før mot slutten, så denne gjerast heller som ein kort dialog mellom PO og utviklarteamet om status og vidare arbeid. Etter siste iterasjon kan vi ha ein meir vanleg Review.
2.3 Stories/tasks
Oppdelinga av arbeidet må vere lausare definert enn elles, då alt er avhengig av alt anna. Det må bli opp til utviklarane der og då å velge beste måten å nå målet.
Sjå Tasks for første iterasjon. Nokre oppgaver er reservert for Robert og Fredrik:
- CRB-1121 - Kodestandard for tekstbehandling og hjelpefunksjonalitet for å følge denne
- CRB-2376 - Unicode i db-utils-funksjonalitet
- CRB-1123 - Utrede eksportar for Unicode
- CRB-2379 - Dele opp arbeid for neste iterasjon
Resterande tasks kan bli tatt av dei andre utviklarane. Spesielt å sette opp unicode testmiljø er viktig. Det er truleg plass til meir i iterasjonen.