Endringar i ePhorte

Nye enhetar i ePhorte

eSak gjer av og til endringar i ePhorte som krever at vi gjer oppdateringar i Cerebrum.

Legg til ny Arkivdel

Når ein ny Arkivdel er blitt oppretta i ePhorte:

  1. Vi treng informasjon om:

    • Identifikatoren på arkivdelen.
    • Ei forklaring på kva arkivdelen gjeld for.
  2. Lag ein ny konstant i Cerebrum/modules/no/uio/Ephorte.py. Døme:

    ephorte_arkivdel_stud_uio = _EphorteArkivdelCode(
                'STUD UIO', 'Studentarkiv ved Universitetet i Oslo')
    
  3. Legg inn konstanten i Cerebrum med makedb.py.

  4. Restart bofhd.

Legg til ny Journalenhet

Vi har nokre få journalenhetar, men eSak kan ha behov for å opprette fleire, for å få skilt ut spesielle saker, til dømes dei som krever ekstra beskyttelse.

  1. Vi treng informasjon om:

    • Identifikatoren på journalenheten.
    • Ei forklaring på kva journalenheten gjeld for.
    • Om vi skal sette denne journalenheten for visse stedkodar. I så fall treng vi ei liste over kva stedkodar dette gjeld, og til kva arkivdel det skal knyttast til. Alle personar på desse stedkodane vil då automatisk få rolla Saksbehandlar til denne journalenheten. Personar som ikkje vert truffe av slike stedkodar for nokre journalenheter vil som standard få rolla Saksbehandler til journalenhet "J-UIO" til arkivdel "SAK UIO".
  2. Lag ein ny konstant i Cerebrum/modules/no/uio/Ephorte.py. Døme:

    ephorte_journenhet_omb = _EphorteJournalenhetCode(
                'J-OMB', 'Journalenhet for studentombud')
    
  3. Dersom vi treng å knytte journalenheten til stedkodar:

    1. Opprett ein cereconf-variable for kva stedkodar det gjeld. Døme:

      EPHORTE_OMB_SKO = ['310600', '150013']
      
    2. Legg inn funksjonalitet for å tagge OU opp mot arkivdel og journalenhet. Dette må gjerast i contrib/no/uio/populate_ephorte.py. Søk til dømes etter EPHORTE_NIKK_SKO for å sjå korleis det gjerast.

  4. Legg inn konstanten i Cerebrum med makedb.py.

  5. Restart bofhd.

Publisert 27. apr. 2015 12:12