1 Forutsetnader
Det er ulik data som skal over til Exchange for UiO, men det meste av dette finnast allereie i Cerebrum.
Forutsetnader:
- Cerebrum skal kunne brukast for både Exchange og Cyrus IMAP samtidig.
- Det er MX som tek seg av sortering og delegering av e-post til riktig e-postsystem. MX treng difor informasjon også om Exchange-entiteter og -adresser.
- AD skal oppdaterast gjennom ny AD2-integrasjon. Dette er ikkje nødvendigvis relevant for Exchange.
2 Støtta funksjonalitet
Ein grov oversikt over funksjonalitet som må støttast for å støtte Exchange:
Synk til Exchange: Cerebrum må støtte integrasjon med Exchange 2013, og bruk av e-postmodulen må støtte entitetane:
Brukarar og deira e-postinformasjon, inkludert alias.
For å støtte migrering til Exchange må brukarar først få oppretta ein (tom) mailbox i Exchange, men som ikkje er i bruk. Først når migreringa er fullført vil brukaren kunne bytte sin "ekte" mailboks frå Cyrus til Exchange.
Grupper, som distribusjonsgrupper i Exchange. Alias må vere med, men andre innstillingar, som spam-innstillingar, treng ikkje vere med til Exchange, då dette skal MX-en ta seg av.
Ressursar (rom). Dette har blitt ytra som eit behov, men står enn så lenge uavklart.
Det er ikkje behov for at Cerebrum skal arkivere, migrere eller flytte mailboksar. Postmaster skal ta seg av dette sjølve.
Oppdatert informasjon til MX-en: Vi må passe på at mail-LDIF gir MX-en riktige data for adresser som er i Exchange.
- Brukarar vil fungere omtrent som for Cyrus, men med markering av targets for Exchange.
- Grupper leggast til som eigne EmailTargets.
Administrasjon: Postmaster har behov for å administrere funksjonaliteten i Cerebrum for Exchange. Dette involverer:
- Cerebrum-kommandoar: Det vil vere behov for å opprette nye kommandoar, og eventuelt oppdatere eksisterande kommandoar. Det er eit sterkt behov for at kommandoar skal føre til endringar i Exchange direkte, som gjer at vi ikkje kan bruke eksisterande bofhd. Håpet er å bruke CIS (webservice), som det er ønskeleg at skal ta over for bofhd.
- Migrering: Brukarar som skal over frå Cyrus til Exchange må migrerast. Dette gjerast i stor grad på Exchange-sida, med enkel hjelpefunksjonalitet i Cerebrum, bl.a. for å unngå race conditions.