Testing av nettenester

Dokumentasjon for korleis ein kan teste nettenester.

1   Brukerinfo og gløymd-passord-tenesta

Brukerinfo og gløymd-passord-tenesta er begge utvikla i PHP og treng omtrent det samme oppsettet for å bli testa. Vi har tilgang til testmiljøet w3utv-ws01.uio.no, som har omtrent samme versjon av program som i produksjonsmiljøet. Vi har fått vår eiga testmappe der, under /www/var/virtual/no.uio.w3utv-ws01_443/htdocs/cerebrum. Nettsidene er berre tilgjengelege frå UiO-nettet: https://w3utv-ws01.uio.no/cerebrum/

Merk at testmiljøet og filer som leggast i testmiljøet er opent for mange andre utviklarar. Legg aldri privatnøklar, passord eller anna som brukast i produksjonsmiljøet her.

Portane som er opna frå w3utv-ws01.uio.no til cere-utv01.uio.no er 8950-8970.

Eg pleier redigere koden på kontormaskina på mitt eige heimeområde, og deretter synce det over til testmiljøet. Merk at du ikkje har tilgang til heimeområdet ditt på w3utv-ws01, så du må til dømes bruke rsync.

  1. Lag deg di eiga config.php og legg denne inn i mappa www_docs/ som du vil bruke, eventuelt lag ein symlink til den.

  2. Lag ein symlink til /clients/web/phplib ein stad under /clients/brukerinfo/, og oppdater config.php:LINK_LIB med denne lokasjonen.

  3. Generer klient-sertifikat. Dette kan til dømes leggast under data/passwords/ eller det du set opp som protected-mappa.

  4. Synk over koden til w3utv-ws01. Lag deg di eiga undermappe for å unngå konfliktar med andre testarar. Det anbefalast å lage eit skript for synkinga, med path til dei ulike instansane, og kommandoen:

    rsync -rav --copy-links --chmod=a+rwX --group --delete-excluded --delete --exclude='*~' \
          --exclude='.svn' --exclude'.*.swp' $FILES w3utv-ws01.uio.no:$DEST
    
  5. Loggar er tilgjengelege: /www/var/log/wofh/wofh.log Namnet er av historiske årsaker, men her loggast alt av PHP-loggen under /cerebrum.

Av cerebrum
Publisert 23. apr. 2025 10:12