Teneste for utsending av velkomst-SMS til nye brukarar

Dette er ei teneste frå Cerebrum som sender ut ei tekstmelding til nye brukarar, og er eit alternativ til å sende ut passordbrev per post.

Innholdsfortegnelse

Korleis tenesta fungerer

  1. Ein person vert importert til Cerebrum frå eit kjeldesystem, til dømes FS eller SAP.
  2. Ein brukar vert automatisk oppretta for personen.
  3. Ei fast tid, til dømes kvar morgon, sender ein jobb ut ei tekstmelding til alle brukarar som vart oppretta av den automatiske jobben.

Eit døme på ei slik tekstmelding:

Velkommen til <INSTANSNAVN>
Ditt brukernavn: <BRUKERNAMN>
Mer info og passord: http://<INSTANS>.no/nybruker

Brukaren veit då kva brukarnamnet sitt er, og går til lenka for å få meir informasjon om instansen, og oppskrift for korleis sette seg eit passord. Dette er meint å gjerast i samnheng med gløymd-passord-tenesta til Cerebrum.

Nokre fordeler med tenesta:

  • Ein slepp dei ekstra kostnadene og miljøkostnadane med å sende ut passordbrev i papirformat.
  • Personen kan ta i bruk brukarkontoen sin kjappare.
  • Vi lenker til instansen si eiga nettside med meir informasjon. Dette gjer at instansen kan sjølv oppdatere informasjonen etter eige behov.

Merk at det er nokre grupper som ikkje kan bruke denne tenesta:

  • Om personen ikkje er registrert med eit mobilnummer når utsendinga skal skje.
  • Om personen er registrert med eit utanlandsk mobilnummer som ikkje aksepterast av tenesta.
  • Om personen ikkje er blitt importert til Cerebrum.

Slike personar må ein ha andre løysingar for, til dømes personleg oppmøte.

Meir detaljar

For å bestemme kven som skal få tilsendt tekstmeldingar vil alle nye brukarar få tildelt eit trait av den automatiske opprettingsjobben. Jobben som skal sende ut tekstmeldingane ser då etter alle brukarar som har traitet og prøver å sende ut tekstmeldingar. Dersom utsendinga gjekk fint slettast traitet, så brukaren unngår å få tilsendt fleire tekstmeldingar. Dersom noko gjekk galt i utsendinga, til dømes fordi nummeret var ugyldig, blir traitet liggande, så jobben kan prøve på nytt neste morgon.

Dersom ein har forskjellige importar og forskjellige brukargrupper kan ein bruke forskjellige traits for å kunne sende ut ulike typar tekstmeldingar til brukarane. Eit døme er ansattbrukarar og studentbrukarar - det er opp til instansen å skille mellom desse eller ikkje, men det enklaste er å ikkje skille dei.

SMS-tenesta

Utsendinga av tekstmeldingar gjerast gjennom USIT sin SMS-gateway, som er det samme systemet som blant anna brukast av Felles Studentsystem. Denne bruker SMS-gateway hos Telenor for å sende ut SMS. Denne har nokre krav til mobilnummera som det sendast til:

  • Mobilnummeret kan berre innehalde siffer. Mellomrom og teikn aksepterast ikkje.
  • Landskodar må starte på +. Mobilnummer som starter på 00 aksepterast dessverre ikkje.
  • Dersom mobilnummeret er utan landskode vert det ansett som eit norsk nummer, og må då vere på åtte siffer.

Ugyldige mobilnummer fører til at tekstmeldinga ikkje vil bli sendt.

Studentweb sjekker at mobilnummeret er på åtte siffer og er i ein mobilserie for norske mobilnummer. Dersom studenten oppgir ein landskode vil ikkje lengda eller mobilserien sjekkast lenger.

Faktureringa av utsendinga av tekstmeldingane gjerast på samme måte som for Felles Studentsystem.

Ta i bruk tenesta

Før ein Cerebrum-instans kan ta i bruk denne tenesta, er det nokre spørsmål som må besvarast:

  • Kva brukargrupper skal få tilsendt tekstmeldingar? Alle nye studentbrukarar? Automatisk oppretta ansattbrukarar?
  • Kva skal innhaldet i tekstmeldinga vere?
  • Instansen må sjølv opprette ei nettside som tekstmeldinga skal lenke til. Kva er adressa til nettsida? Merk at adressa bør vere så kort som mogeleg, til dømes uio.no/nybruker, men den kan innehalde alt instansen vil informere om, så lenge forklaringa til kor ein kan sette passord er lett å sjå.
  • Kor lenge skal vi prøve å sende ut tekstmeldingar til ein brukar? Av ulike årsaker kan utsendinga feile for ein brukar, til dømes fordi mobilnummeret er feil eller så har ikkje brukaren registrert noko mobilnummer. Etter kor mange dagar skal jobben gje opp og ikkje lenger sende ut tekstmelding til ein slik brukar? Standard er 7 dagar.
  • Kva skal vi gjere med brukarar som ikkje har fått tekstmelding? Skal vi ignorere slike tilfeller? Slike brukarar kan ha fått passordet sitt på andre vis, men ikkje nødvendigvis.
  • Kva landskodar skal importen av mobilnummer akseptere? Merk at det kostar meir å sende tekstmeldingar til utanlandske mobilnummer.
  • Faktureringa vert gjort automatisk på samme måte som for FS. Instanse må vere klar over dette.

Send svara på desse spørsmåla på e-post til Cerebrum i bestillinga av tenesten.

Merk at tenesta støtter fleire, meir tekniske innstillingar, så ta kontakt dersom ein ønsker andre endringar på tenesta.

Av jokim
Publisert 19. feb. 2013 07:32 - Sist endret 18. okt. 2013 11:25