Cerebrum-seminar 2016

USIT holdt eit nytt Cerebrum-seminar i 2016, onsdag til torsdag 14.-15. september! Det er no ferdig, sjå gjerne tilbakemeldingane etter seminaret.

Formål

Cerebrum-seminaret er meint å samle alle som bruker Cerebrum for å lære av kvarandre, oppdatere om nyhende og diskutere behov og framtid for brukaradministrasjonssystem.

Formålet er å fremme samarbeid og bli bedre kjend!

Målgruppe

Både beslutningstakarar, forvaltarar og teknikarar frå alle som bruker eller er interesserte i Cerebrum er velkomne!

Program

Vi starter onsdag 14. september kl 10:30, og avslutter 16:00. Det vert middag på kvelden på Ekebergrestauranten for dei som er interessert i det! Vi starter opp att på torsdag kl 09:00, og avslutter seminaret til kl 14:00.

På programmet vert det ulike foredrag om Cerebrum, blant anna kva som er nytt sidan sist, vegen vidare for Cerebrum, og UiO integrasjonsarkitektur og korleis det påvirker oss. Forhåpentlegvis får vi også innspel frå andre som bruker BAS, og kanskje frå aktørar som Cerebrum integrerer med i sektoren.

I tillegg prøver vi oss på å holde ein del lyntaler, altså korte foredrag på opptil 10 minutt, for å gje eit breidt utval av introduksjonar, for vidare samtale etterpå.

Har du innspel eller kunne tenkt deg å vist fram noko? Ta kontakt med Joakim Hovlandsvåg!

Kontaktpunkt

For meir informasjon, eller innspel, ta kontakt:

Stad

Seminaret vil foregå i nyoppussa Professorboligen som befinner seg i Karl Johans gate 47. Vi held oss til seminarrom Stallen.

 

Påmeldte

Det er 40 påmeldte, frå 12 forskjellige institusjonar!

Forrige seminar